Opptur Voss

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 9,1 km
  • 4 t, 30 min
  • Rundtur
  • 854 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Me startar på Torget i sentrum og går opp til Voss Folkemuseum (Mølstertunet). Følg t-merking og skilt til gamle Hangursrestauranten. Gå forbi Skutsgardstjørni, opp ein bakke. Her er eit stikryss. No tek du av frå den t-merkte ruta. Ta til venstre mot Raugstad.  Følg ryggen forbi Finnesdemmo. Litt lengre ned kryssar du skiløypa og går på stien nedover til du kjem til ein traktorveg. Følg traktorvegen ned til nokre vedskur. Ta til venstre inn på sti på oversida av gjerdet. Følg sti attende til Mølstertunet og ned att på Vangen. 

Annonse

on the path