Fottur frå Varpet til Kongshaug

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 14,9 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 378 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - nov

Parkeringsplassen på Varpet (530 moh.) er startpunktet for turen til fjelltoppen Kongshaug (857 moh.). Til Varpet kjem ein med bil via Seljadalen/Fosse og skogsbilvegen Tambsvegen, som er ein bomveg. Frå Varpetgår turen på skogsveg forbi stølen Skorge og på T-merka sti i lettare stigning innover gjennom ope bjørkeskog til Nyastøl, Kongsvatnet og stølen Kallbakk. Frå Kallbakk går det ein merka sti opp på Kongshaug, der ein har fantastisk utsikt over heile området og Sognefjorden.

Kallbakk var fjellstølen til dei største gardane på Vangsnes. På det meste var det ni stølshus og 13 budeiersom jobba på stølen. Stølsdrifta slutta i 1970. Frå Kallbakk går det merka turstiar både til Åfet i Feios, Djuvik, Tveit og Vangsnes.

Annonse

on the path