Startpunkt for turen er Vangsnes barnehage, der det også er parkering. På skogsbilvegen som startar bakombarnehagen går dei fyrste 5 km til Høgretjønn. Denne delen av turen er godt eigna for barnevogner. Turengår slakt oppover i furuskog. Det er mange stadar med fin utsikt over Sognefjorden.
Om ein vil, kan einogså køyre til Høgretjønn (bomveg) og parkere der. På ATV-veg går turen sakte oppoverog vidare til Kallbakk, ca. 3 km.Kallbakk er ein idyllisk plassert støl som ligg sentralt i turområdet. Frå Kallbakk går det også merka stiar til Feios, Varpet/Tenål eller opp på Kongshaug (857 moh.), der ein har panoramautsikt over Sognefjorden
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding