Turvegen Sylvringen – ein tur med kulturhistorie

Legg til huskeliste
Annonse

Start og mål for denne rundturen er Vikøyri/Vik sentrum. Frå sentrumsgata går ein på Sjøtunvegen mot elva Hopra og passerer kulturminnet Borgstova, ein rest frå den gamle Sjøtungarden. Turen går vidare på grusa turveg langs elva forbi Vik aktivitetspark og til Kålhagen, der ein kan gjere ein avstikk til Hopperstadstavkyrkja. Neste etappe til Hove kyrkje går på turvegen forbi Tamburhola, Viksmoen, gravhaugane på Moane og Guhaugen. Frå steinkyrkja går turen via Vange og forbi Lyckehuset og Vik fengsel tilbake tilsentrum. Langs turvegen er det fleire infotavler som fortel om kulturhistoriske tema.

Annonse