Alskartinden

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 4,5 km
  • 2 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 673 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

Alskartinden er ein topp med fantastisk utsikt mot Flatraksdalen, Silda og Sildagapet og mot Hornelen.

Første stykket mot Alskartinden går på trimløypa i Flatraksdalen. Ein kan starte frå begge endar av trimløypa, men i Fosselida er det best parkering.

Stien tek av frå trimløypa innst i dalen, det står skilt mot Alskartinden, Synnevahornet og Gangskaregga der ein skal ta av frå vegen.

Følg stien inn dalen og opp til Selet. Kortaste (og brattaste) vegen er å ta til høgre mot skaret før Alskartinden, men ein kan også følge stien opp Hestedalen, og ta av tilbake ved enden av Hestedalsvatnet. Denne ruta er ikkje så bratt.

Det er bratt og høgt utfor kanten, så ver forsiktig. Toppen blir ikkje opplevd som luftig.

Adkomst med egen bil

Parker ved parkeringsplassen ved start av trimløypa i Fosselida. Følg trimløypa inn i dalen, og ta av på sti ved skilt mot Alskartinden.

Annonse