Parkering på stor utkøyring ved E39 på Rå. Turen startar med ca. 1,5 km gange på privat veg opp mot Råsberg. Følg skilting og merking til Fuglefjell. Det er noko bratt stigning opp lia før ein passerer skoggrensa. Turen byr på fin utsikt frå skoggrensa og heile vegen til toppen. Utsikta frå toppen er spektakulær! Ein skimtar mellom anna Lihesten i Hyllestad.
Kartsporet er noe unøyaktig tegnet inn. Gjør egne vurdering og naviger etter beskrivelse, faktisk skilting, merking og terreng.
Berekn ca. 1,5 time frå parkering til Fuglefjell og ca. 2,5 - 3 timar tur/retur.
Frå Vadheim køyrer du ca. 17 km mot Lavik. Frå Lavik køyrer du E39 ca. 7 km mot Vadheim. Parker på stor utkøyringslomme på Rå.