Turen er skilta frå startpunktet på Turrsjøen. Skiltet til stien på nord/austsida av Rundemellin startar 100 m lenger inn på vegen frå parkeringa. Når ein nærmar seg sjølve oppstigninga til Rundemellin, er det fleire stiar til toppen. Returen frå toppen bør gå langs den stien som blir vist i dette turforslaget. Den bratte stien til venstre for anbefalt rute, er ikkje eigna for uerfarne. På sørsida av Rundemellin kan det vere parti som er våte. Vi anbefaler å gå rundt tjernet på 1130 moh, som vist i dette turforslaget.
Toppen av Rundemellin på 1345 moh. har flott utsikt mot Jotunheimen, Langsua nasjonalpark og vestover mot Vang, V.Slidre og Hemsedal. Det står ei sikteskive på toppen.
Ta turen innom Kalvemellin, det er ein fin avstikkar frå hovudstien
Følg fv. 51 og ta av ved Melbybråten (sør i Rogne). Følg stølsvegen Juviken – Etnelie (bomveg), og ta av til venstre mot Turrsjøen og parker øverst på stølen Turrsjøen. NB! Tidleg på våren kan vegen inn til Turrsjøen være stengt med kjetting grunna teleløysing.