Fottur frå Sanddal over Kvitefjellet og Søstestøylsfjellet til Gjesdalsdalen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 19,3 km
  • 10 t, 30 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 1005 høydemeter totalt
  • Sesong: Jul - sep

Å gå frå Sanddal over Kvitefjellet og ned att til Gjesdalen via Søstestøylsfjellet inviterer deg på mektig fjellnatur i vestlegaste Jølster. Dette er ein lang tur, der store delar av turen går utan sti på variert underlag. Typisk godværstur! Det er mange som vel å gå opp til Kvitefjellet med retur same veg ned att til Botnavatnet. Dette er eit godt alternativ dersom du ikkje vil gå den lange turen over Søstestøylsfjellet, og vil unngå å organisere skyss.

Turen startar ved Indre Sanddalsstøylen der du går sørover og passerer Gamlestøylen ved Botnavatnet 550 moh. Langs Botnavatnet går du i myrlendt terreng over nokre elvefar som kan by på litt utfordring å passere. Frå vatnet og opp til Brandsbotnen går du i meir austleg retning i myrlend lyngterreng, som kan opplevast å vere noko tungt å gå i. I Brandsbotnen vert terrenget tørrare og du går gradvis på meir stein og berg opp til Isvasskaret. Ved Isvasskaret får du flott utsikt til Gjerlandsisvatnet og Isvassnipa.

Her går stien i sørvestleg retning opp ryggen mot Kvitefjellet. Like før toppen må du dreie i sørleg retning mot toppen på 1428 moh. På ryggen frå Isvassskaret og opp til Kvitefjellet er det ein del sva og stein å gå i. Det er fordel at terrenget er tørt og fint når du går her. Om du går tidleg på sesongen kan her og vere snøfenner. På Kvitefjellet ventar ein stor og flott varde på deg saman med opa og fin utsikt mot vest. Mange besøker denne toppen ved å gå via oppstigning frå Holsen.

Frå Kvitefjellet startar du med å gå attende i nordleg retning eit lite stykke før du går mot vest og nedover ryggen til høgda 1313 moh. og 1251 moh. Du går på stein og i småur utover heile ryggen som dannar fjellet Søstestøylsfjellet. I området der du passerer ein del fjellvatn er det verdt å legge ruta innom varden på nordsida av ryggen. Her får du stor utsikt over Gjesdalen, Tindefjellet og kan skimte Gjesdalsvatet og Jølstravatnet. Denne varden finn du rett nord for eit stort fjellvatn ved høgda 1229 moh.

Frå varden med utsikt over Gjesdalen går du i meir sørvestlig retning vidare på ryggen. Etter kvart går ryggen ned mot Skardgrovtjørna. Stien går på nordsida av dette idylliske tjørnet. Følg sti/dyretråkk på austlege side av elva eit stykke nedover langs elva. Det er noko bratt terreng nedover her, der du går i lyngterreng. Tidvis spor etter ein sti nedover langs Skargrova. Du skal først krysse Skargrova der den har laga ein liten badekulp (ligg omlag på rundt 780 moh.).

Etter kryssing av elva held du fram nedover i lyngen i nordvestleg retning, og siktar deg inn på Storehaugtjørna ved Storehaugen. Når du nærmar deg Finneskotgrova dreiar stien i nordleg retning og du passerer Storehaugtjørna og Storehaugen på vestleg side for deg. I dette området kan du tidvis følgje Jølster løypelag sine opparbeida langrennsløyper, og følgje stiar der det er raudmerke etter tidlegare fjelltrimruter. Terrenget er myrlendt og noko blautt. Etter å ha passert Storehaugen går stien i nordaustleg retning mot Gjesdalsstøylen. Gå over god bru over Instelva, og gå i nordvestlig retning opp til parkeringsplassen Trinta ved Gjesdalsstøylen.

Tips
Du kan gå turen begge vegar, eller gå på Kvitefjellet tur/retur same veg. Det er og mogeleg å ta seg ned til Holsen frå Kvitefjellet. Sjå lenker med turtips for meir informasjon.

Det var fjelltrimpost frå Sanddal til Kvitefjellet i 2024. Det skal derfor vere ein del raude merke å kunne følgje opp til Kvitefjellet.

Fakta
Turen er på omlag 20 km og 1450 høgdemeter. Tid: 10-11 timar.

Fakta om turmål som kan vere gode alternativ om du ikkje vil gå heile turen:

  • Frå parkeringa til Botnavatnet: Omlag 1,3 kilometer og 50-60 høgdemeter. Tid: 20-30 minutt. Gradert som grøn tur (enkel rute).
  • Frå parkeringa til Isvasskaret: Omlag 5 kilometer ein veg og 550-600 høgdemeter. Tid: 3 timar opp og 5-5,5 timar t/r.
  • Frå parkeringa til Kvitefjellet: Omlag 7,5 kilometer ein veg og 950-1000 høgdemeter. Tid: 5 timar opp og 8 timar t/r.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Du treng to bilar om du skal gå frå Sanddalen til Gjesdalen.

Til Gjesdalen: Køyr av Jølstravegen (E39) over brua på Vassenden og inn på Nikolai Astrups veg. Følg denne vegen fram til fotballbane og Vassenden skule. Her tek du av opp Gjesdalen. Følg denne vegen til øverste gardane der du køyrer inn på skogsveien som ligg aust for Gjesdalselva. Betaling for å køyre på skogsveien er med Vipps. Køyr skogsvegen til endes og parker på parkeringsplassen på Trinta.

Til Sandalen: Køyr av Jølstravegen (E39) over brua på Vassenden, eller over brua på Kjøsnes. Følg Nikolai Astrups veg fram til Sanddal. Ta av bilveg opp Sanddalen. Køyr den austlegaste skogsvegen inn til parkeringsplass ved Indre Sanddalsstøylen. Det er bomveg opp her, og det går ein del beitedyr (kyr). Periodar har vegen vore slik at det er fordel å ha bil med litt bakkeklaring.

Annonse

on the path