Solhaug - den flotte dagsturhytta i Ulvik er plassert i Åsen, eit skogsområde med god utsikt over bygda. Dette er ei hytte som har fokus på enkel tilkomst, og ein har høve til å forlenge turen om ein vil. I Åsen er det fleire kilometer med skogsvegar som er kjekke å ta både til fots og på sykkel. Fine utsiktspunkt finn ein både langs Osafjorden og ut mot Birjetangen.
Hytta har ein liten vedovn, bibliotek med nynorske barnebøker og sitjebenkar inne og ute. Her er det fint å ete matpakka og ta ein god pust i bakken. Det er ikkje lov å overnatte på hytta. Forlat hytta på ein måte du sjølv ynskjer å finne den, rein og innbydande. Ta med deg søppel, flasker osv. heim. Det er ikkje tilgang på vatn. Det må du sjølv ta med deg.
Ulvik Turlag har tilsynet på hytta. Ta kontakt med Ulvik Turlag om du har ei tilbakemelding. Eigar av hytta er Ulvik herad.
Turbeskrivelse til hytta:
Du kan nå hytta frå ulike startpunkt.
* Frå Holmen idrettsanlegg. Parkeringsplass og offentleg toalett .Skilta og merking 1,3 km. til hytta. Det tek ca. 30 minutter i roleg gange opp til Solhaug.
* Det er mogleg å ta turen som ein rundtur. Det er fleire traktorvegar og stiar i området.
Dagsturhytteprosjektet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga /Sparebanken Sogn og Fjordane og den einskilde kommune.
Frå Bergen , ta E16 til Voss og vidare Rv.13 til Hardangerbrua. Vidare mot Ulvik. Følg vegen 15 km. langs fjorden før du kjem til Ulvik. Frå sentrum følg vegen vidare mot Osa . Etter 2,5 km. , ved Ulvik barnehage ta til høgre mot Hardanger Produksjonsskule/Rondetveit. Følg vegen 1 km. til Holmen idrettsanlegg. Parkeringsplass og offentleg toalett.
Buss/tog til Voss. Vidare med buss 954 til Ulvik.
Meir informasjon på Skyss reiseplanleggar.