Rundtur til Smalanuten 616 moh. Frå kykja, gå opp mot krysset ved fylkesvegen ta til venstre der, og så til høgre opp grusveg etter ca. 30m. Her heng det og skilt som syner kor det er turløyper. Følg grusvegen rake vegen oppover forbi Vassverket sitt reinseanlegget, skogsvegen til høgre for reinsanlegget er der ein kjem ned på tilbaketuren. Fortsett vidare oppover grusvegen i retning Vikestølen. Det kjem no nokre bratte bakkar før ein er oppe ved Kleivane og demninga til Vik kraft, dette er nok dei tøffaste stigningane på heile turen. Ca. 200 meter etter demninga til Vik Kraft ta til høgre og kryss elva på jernbrua, der det heng skilt som syner retning mot Våbrekka og Morgonsvatnet. Etter å ha kryssa elva skal ein følgja merkja sti i ca. 900 m i gjennom skogen til ein er over skoggrensa. Følg deretter stien vidare i ca. 400 meter til ein kjem til elva som renn frå Morgonsvatnet, den skal kryssast. Her er det eit skilt som syner vegen mot Våbrekka eller Ytre Smalanuten som er det korrekte namnet. Følg den retninga. Etter å ha kryssa elva, følg merkjepinnar vestover mot Indre Smalnuten, her går ein ca. 700 m i nokså slak stigning oppover, i for det meste myrterreng. Ved ei flate på den siste myra kjem det eit vegskilje her tar ein til venstre mot Smalanuten (midtre). Følg merkjepinnar og nødlingar fram til toppen av Smalanuten. Frå vegskiljet stig stien opp frå myra og ein passerer etterkvart mellom to små vatn. Deretter svingar stien litt meir mot vest før ein går langsmed Smalanutrinda fram til ein kryssar eit lite søkk, og startar ei nokså bratt oppstigning mot toppen på 616 moh.Turen nedover går mot nord frå varden, her føl ein nødlingar og merkjepinnar ned mot Byrkjelivatnet. Frå Byrkjelivatnet går løypa i ope terreng i ca 800 m nedover mot Indre Børkjelia, på dette strekket vil ein ha fin usikt over midtre og nordre del av Vikebygd det meste av vegen. Så er det på tid å dukka inn i skogen igjen, og etter vel ein kilometer gange i gjennom skogen i fint terreng med bjørk og furu, så er ein nede ved reinsealegget og kan ta fatt på siste rest mot kyrkja.
Turen startar frå parkeringsplassen ved kyrkja i Vikebygd. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca 12 km til ein kjem til kyrkja.