Fottur Svanøy Våg til Vågsfjellet

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 2,7 km
  • 2 t, 30 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 213 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Vågsfjellet frå Våg og ned via Snarstegane til Hatlevellane.

Vågsfjellet 225 moh er den høgste toppen på øya Svanøy. Toppen er delt i to, ein i nord og ein i sør, med eit lite tjern og myrområde i midten. Toppen i nord er Vågsfjellet Utsiktspunkt. Frå kaia til startpunkt er det 3,5 km

Kort, men krevande rundtur 3 km over Vågsfjellet. Start 50 m vest for det gamle skulehuset på Våg. Relativt flatt og enkelt terreng dei første 300 m. Deretter bratt nesten heilt til topps, avløyst av eit slakt parti midtvegs. Tidleg i bratta er eit noko krevande parti der du bør bruke hendene til hjelp. På toppen av bratta er skilta skarpt til høgre. Følg tydeleg sti flatt, litt unnabakke og motbakke til utsiktspunkt og postkasse. Utsiktspunktet er ein fin avlang bergknaus med utsikt i alle retningar, minst mot sør.

Turen ned er merka vidare rett nordover. Den følger relativt lett terreng til cirka halvegs. Då kjem turens vanskelegaste parti. Her er det ca 10 m veldig bratt ned eit skar der du bør bruke hendene til hjelp. Vel nede svingar du til høgre langs fjellhammaren. Vidare i grei unnabakke til du kjem ned på flata. Følg merking til skogsveg, ta til høgre og følg den ca 200 m tilbake til veg. På veg ta til høgre mot Svanøybukt og følg veg ca 700 m tilbake til utgangspunktet ved turstart.

Hugs å legge til tid på bilvegen frå og attende til rutebåtkaia. Omlag 3,8 km på bilvegen frå kaia til turstart ved Våg. Omlag 4,8 km på bilvegen tilbake til kaia frå turslutt ved Hatlevellane.

God tur!

Adkomst med egen bil

Adkomst med kollektivtransport

Rutebåt til Svanøybukt. Eigen båt til Svanøybukt og Kvalstad

Annonse

on the path