Fin tur for barnefamiliar. Rundløype i lett terreng.
Frå rutebåtkaia i Svanøybukt følg Biskop Svanesveg 200 meter til skarp høgresving. Fortsett rett fram til austenden av fotball-kunstgrasbane. Her er skilta Nordneset rundløype. Lett stigning og deretter flatt fram til gamle gruveruinar. Dette er vasketårnet der dei skilte ut kopar frå svovelkis. Uttak av svovel i gruvene på Svanøy pågjekk i perioden ca 1850-1920, og her var på det meste 120 personar i arbeid.
Vidare ned på flata og ta skarpt høgre. Følg merking vidare i lett terreng ein liten km til ein fin lita vik. Deretter tilbake på lett kupert høgdedrag langs sjøen til badeplassen Leiren. Leiren er ei veldig fin badestrand med gapahuk m/bålplass, treplatning og volleyballnett. Grusa turveg 300 meter tilbake til utgangspunktet rutebåtkaia i Svanøybukt.
Sporet på kartet er gått 19 03 22 og er ein rundtur frå austenden av fotball-kunstgrasbane. Hugs å beregn tid tur retur rutebåtkaia.
God tur!
Rutebåt til Svanøybukt. Eigen båt til Svanøybukt.