Tur til Vetlevardhytto - dagsturhytta i Fusa

Legg til huskeliste
Annonse

Dagsturhytta på Koldal - Fusa/Bjørnafjorden. Vetlavardhytto, ligg 326 meter over havet i utmarka på Koldal ved turstien mot Øyrane.

Dagsturhyttene er eit fylkeskommunalt prosjekt og har blitt til gjennom eit spleiselag med midlar frå fylkeskommunen, Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane, BKK, Bjørnafjorden kommune, spelemidlar og dugnad frå turlaga i kommunen.

Vetlavardhytto er en av de to dagsturhyttene i Bjørnafjorden kommune. Begge dei to nye dagsturhyttene på Borgafjellet og Koldal er no opne for publikum.

Parkering er ved Fjorden Arena med omlag 40 parkeringsplassar. Avstand frå parkering til hytta er omlag 1,9 km. Stien tek av frå Stallabrotvegen litt lenger oppe. Ved normalt tempo tar turen vel 40 min. Stien har enkel/middels vanskegrad. Jamn stigning gjennom kupert terreng. Stien opp til Vetlevardhytta er for ein stor del steinsett og våteste myra har fått gangbru.

Dei lokale turlaga har tilsyn med hyttene som er eigd av Bjørnafjorden kommune. Kommunen oppmodar publikum om å følge retningslinjer for bruk, både av sjølve hyttene og områda rundt.

Hytta har ein liten vedovn, bibliotek med nynorske barnebøker og sitjebenkar inne og ute. Det er fint å ete matpakka og ta ein pust i bakken ved dagsturhytta. Det er ikkje lov å overnatte. Forlat hytta slik du sjølv ønskjer å finne den, ren og pen. Ta med deg søppel, flasker osv. heim.

God tur!

Ta kontakt med Bjørnefjorden kommune ved spørsmål og tilbakemelding på hytta.

Adkomst med egen bil

Parkering er ved Fjorden Arena med omlag 40 parkeringsplassar. Avstand frå parkering til hytta er omlag 1,9 km.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk skyss din rutetabell for busstider til Fjorden Arena.

Annonse