Solhomfjell fra Heiland

Legg til huskeliste
Annonse

Turen startar frå parkeringsplassen på toppen av bakken, ved infotavla. Me går blåmerka løype til venstre gjennom skogen sør for Stemtjenn. Turen går på god sti gjennom kupert skogsterreng til me ser Maristjenn. Her er fine fjell å raste på. Løypa svingar rundt Maristjenn og går gjennom barskogreservatet før vegskiljet på den store myra vest for Marishei. Her tek løypa av vestover til Solhomfjell. Løypa stig opp mot Branntårnet, men vel oppe gler me oss over det vide utsynet. Ved tårnet skriv me namna i turboka. Det er lett å finne ein lun rasteplass på toppen, sjølv om det kan blåse litt. Etter ei god kvile med mat og drikke, tek me same vegen attende til vegskiljet på myra. No går me austover og opp på Marishei (574 moh). Dette er høgste toppen i Gjerstad. Her er vakre nakne fjell og utsyn over heiar og tjennar. Det går bratt nedover frå Marishei på fjella med eldgamle krokfuruer. Snart ser me Storrtjennane og løypa held fram gjennom skog og myr til Lille Karistjenn. Om lag 1 km nordover ligg Store Karistjenn med Karibu, hytta til Risør Jeger- og fiskeforening. Ved Lille Karistjenn er me inne på den nye løypa frå Heiland til Uvdalen. Løypa held fram i same slags terreng ned til Risfjelldalen, vegen og parkeringa. 

Adkomst med egen bil

Kjør fylkesveien mellom Gjerstad og Felle. Heiland rasteplass ligger på venstre side ved Heilandstjenn. Ca 15 km fra Gjerstad. Det står skilt ved veien. Turen starter ved å følge en grusvei på andre siden av parkeringen ca 500 m.

Adkomst med kollektivtransport

Annonse