Start på parkering i toppen av Hoddeviksvingane rett ved eit av Noregs mest fotograferte skilt. Det er raudmerka pinnar heilt til topps. Følg ryggen oppover med god utsikt til Hoddevik. Når du kjem opp på andre toppen går stien til høgre mot Furehornet.
Når du kjem til toppen må ein passe seg for det er frykteleg bratt om ein går fram på kanten.
God utsikt i alle retningar og rett under toppen kan du sjå Indre Fure. Om du ser vestover så ser du Ytre Fure som også er ein fin tur langs fjøra.
Ser du sørover kan du skimte Hornelen i det fjerne og Kråkeneset i S S/V. Toppen er med i fjelltrim appen Georeg som dei andre 17 toppane til Stadlandet IL. Det er også eit SjekkUT-punkt på toppen.
Kjør til Stadlandet (620) og følg f ylkesveg 5753 mot Hoddevik.Start på parkering i toppen av Hoddeviksvingane rett ved eit av norges mest fotografert skilt.
Stadbussen, sjå vedlagte lenke.