Skjorta er eit monumentalt fjell, som ligg litt for seg sjølv som ein koloss ved Breimsvatnet. Toppen er ein turklassikar, og er lett å få auge på når du er på tur på mange andre toppar i Jølster. Skjorta er ein lang tur, som gjev stor variasjon i naturopplevingane undervegs. Om du ikkje ønsker å gå heilt til topps på Skjorta byr denne turen på fine delmål til Vasskaret og Tverrlivatnet.
Turen startar i vakre Helgheimsdalen. Etter nokre få meter frå parkeringa og brua passerer du Helgheimstøylen. Det går ein flott tilrettelagt sti, som i jamn stigning i nordleg retning, tek deg opp til Vasskaret. Skaret ligg mellom fjella Vardefjellet og Brekkefjellet. I skaret er det plassert ei lita hytte (privat).
Etter å ha passert Vasskaret må du ta deg ned ein noko bratt skråning på omlag 70-80 høgdemeter ned til Vasskarvatnet. Dette partiet er det mest utfordrande på turen. Her er det ei steinur i ganske bratt terreng, som ofte er snødekt. Tidleg på sesongen må ein vere observant, og ikkje byrje å gli i den bratte snøfonna. Seinare på sommarsesongen vil det som regel ha smelta vekk såpass mykje snø at du lett tek deg ned ved å gå på steinane i ura.
Du følgjer fin og merka sti i nordleg retning på austleg side av Vasskarvatnet og vidare over myrlendt parti mot Tverrlivatnet. Dette passerer du på den vestlege sida av vatnet. Du må over nokre små rolege elvefar undervegs gjennom dalføret, der du går i flatt og lett kupert landskap.
Etter å ha passert Tverrlivatnet følgjer du stien vidare i nord- og nordaustleg retning mot ryggen som tek deg opp mot Skjorta. Det er lett og fint terreng å gå i opp heile ryggen. Det er lurt å ta seg tida til nokre pausar og nyte utsikta attende til Vassdalen du nett har passert, og til utsikta til Nydalen som etterkvart opnar seg. På eit punkt eit stykke opp på ryggen får du og god utsikt austover til Stardalen.
I det du byrjar å nærme deg topp-platået av Skjorta endrar terrenget seg, og du vil byrje å gå meir på stein i nordleg retning. Om det er snø, og det ligg snøfenner i dette området, må du følgje godt med på at du ikkje går ut på noko skavlar. Oppe på platået må du gå eit godt stykke i ganske flatt terreng innover mot toppen der varden er. Det er godt varda og merka innover platået.
Turen går innom Naustdal -Gjengedal landskapsvernområde.
Tips
GPS-sporet er spora til der varden på Skjorta står. Om du ønsker utsikt til Gloppen-sida må du gå 5-800 meter vidare i nordleg retning. På platået rett ovanfor Langnesnibba er det eit flott utsiktpunkt til Breimsvatnet, og grendane rundt . Om du vil sjå ned til Førs (Førde i Jølster) må du ta deg i noko austleg retning på platået igjen. Om det er snø i området må du vere obs på at du faktisk går på fjell, og ikkje tek deg ut på skavlar. Heile fjellplatået rundt Skjorta har svært bratte fjellsider under seg, og snøen heng ofte lenge att utover sommaren som store skavlar.
Det er fisk i Tverrlivatnet, som og er ein flott stad å slå leir med telt.
Frå Vasskaret er det kort veg å ta seg opp til Brekkefjellet (1171 moh.). Frå Vasskaret går du i austleg retning via ryggen opp til toppen. Der er tidvis spor etter ein gamal sti som tidlegare har vore merka som fjelltrimpost.
Frå Tverrlivatnet kan du ta deg opp til Raudskarnakken (1018 moh.) som ligg i nordvestleg retning frå vatnet. Frå denne toppen får du utsikt ned til Myklendsstøylen i Kandalen. På denne støylen er det støylsdrift om somrane.
Fakta
Turen er på omlag 8,5 km ein veg og 17 km t/r og 1 100 høgdemeter stigning. Tid: 5 timar opp og 8-9 timar t/r.
Om du ikkje ønskjer å køyre opp den bratte skogsvegen kan du gå opp denne. Den er på omlag 1,5 km kvar veg (3 km t/r) og 350 høgdemeter. Tid: 1,5-2 timar t/r.
Frå parkeringa på enden av skogsvegen og inn til Helgheimsstøylen er det omlag 3-400 meter.
Frå Helgheimsstøylen til Vasskaret er det omlag 2,6 km ein veg (5,2 km t/r) og 350 høgdemeter opp. Tid: 1,5 time opp og 2,5 timar t/r.
Frå Helgheimmsstøylen til Tverrlivatnet er det omlag 4 km ein veg (8 km t/r). Du får 350 høgdemeter stigning opp til Vasskaret og får nedstigning frå Vasskaret til Tverrlivatnet på omlag 100 høgdemeter ned. Tid: 2,5 time opp og 4-4,5 timar t/r.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Ta av Jølstravegen (E39) på Helgheim (vest for kyrkja) og køyr opp vestlegaste skogsveg. Du må betale bom-avgift for å køyre opp vegen. Informasjon om dette står ved fjøsen på gardstunet du passerer.
Vegen er ganske bratt i starten, og flatar meir ut når du nærmar deg støylen. Vegen har hatt litt ulik kvalitet siste åra, og vert prega av at vær og vind tærar på den. Det kan vere fordel å ha 4-hjulstrekk og litt bakkeklaring, samt røynsle med å køyre på skogsvegar.
Langs vegen er det mykje beitande storfe. Du må late opp og att fleire grindar under bilturen opp. På parkeringa rett før støylen er det ofte laga til inngjerda parkeringsområde, slik at bilane står trygt for at storfe går nær bilane.
Om du ikkje vil køyre opp skogsvegen kan du parkere ved Helgheimskyrkja å gå opp skogsvegen.
Ta rutebuss langs Jølstravegen (E39) og gå av bussen på busshaldeplass ved Helgheim kyrkje.