Turen startar på ca. 300 moh frå Dalheim øvst i Nessadalen. Følg merka sti som starter ved hytta som ligg ved vegen før parkeringsplassen. Stien følger elva Norddøla med svak stigning til stølen Nedre Norddalen. Frå Nedre Norddalen er det noko meir stigning opp til Øvre Norddalen og Norddalsvatnet. Stien går hovedsakleg i bjørkeskog. I Øvre Norddalen er det eit steinsel som ligg nær Norddalsvatnet og ein ruin på flata sør for selet.
Turtid: ca. 1,5 frå parkeringsplassen ved Dalheim i Nessadalen. Turtid tur/retur ca. 2,5 time.
Ta av frå fylkesveg 55 på Nessane og køyr Nessadalsvegen 5,2 km mot Dalheim. Parkering i enden av vegen.