Turen til Sollibotnen tek deg inn i Jostedalsbreen nasjonalpark der du kjem tett på brelandskapet i vakre Stardalen. Vel oppe ved brevatnet på omlag 1100 moh. hamnar du midt i ein norsk bre- og fjelloase med bratte mørke fjellsider, brearmar og eit turkisfarga vatn omkransa av irrgrønn vegetasjon. Fargespelet i Sollibotnen på ein godværsdag er mektig sjølv for den erfarne turgåaren!
Turen startar på skogsveg i nordleg retning opp frå Veiteberg og passerer dammen (kraftverk), og går vidare i flatt terreng på skogsveg innover Veitebergsdalen. Når du kjem til endes på skogsvegen tek du av i nord-austleg retning på sti som tek deg opp mot elva som renn ned frå Sollibotnen.
I starten går du i eit parti med open fjellskog. I det skogen minkar vert stien gradvis brattare og brattare. Stien går på sørleg side av elva. Det er god sti og ingen luftige parti oppover. Du går ca. 2-300 bratte høgdemeter i austleg retning før terrenget slakkar meir ut igjen i sjølve Sollibotnen.
I Sollibotnen får du eit noko flatare parti før du tek fatt på dei siste høgdemeterane i nordaustleg retning opp til nasjonalparkgrensa. Her møter du det siste skiltpunktet og merkinga av turen.
Stien vidare opp mot brevatnet går i nasjonalpark. Denne føl ein av ryggane som ligg tett på elva. Ikkje lenge etter siste motbakke står du ved brevatnet.
Tips:
Det er og vert å merke seg at det ofte ligg snø langt utover våren og heilt fram til tidleg sommar i stien opp til Sollibotnen. Det er derfor umogeleg å gå fotturen før ut i juli enkelte sesongar.
Vatnet du kjem opp til låg under breen fram til 70-talet. Etter at breen har trekt seg attende dei siste 40-50 åra har vatnet kome fram. Pga. dette har ikkje vatnet fått namn på kartet enno. Lokale nyttar namnet «Sollibottsvatnet» og «øvste Sollibotnen» som namn på turmålet ved vatnet. Brearmen du ser i enden av vatnet går vidare opp mot Snønipa, som er del av Myklebustbreen.
Om du ønsker ein kortare tur i dette området er det fint å gå skogsvegen til endes, og halde fram i nordleg retning på sti til Bakkestøylen og fjellvatnet rett nord for støylen. Det er merka sti gjennom heile dalføret til Myklebust. Sjå lenke for turskildring.
Fakta:
Hugs:
Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.
Ta av Jølstravegen (E39) på Klakegg og køyr mot Stardalen. Passer gardane på Veiteberg. Eit kort stykke etter desse er det laga til parkeringsplassar ved starten av skogsvegen.
Parker slik at du ikkje er til hinder for gardsdrift og trafikk.
Skogsvegen er privat og er pr. 2025 ikkje open for trafikk.