VOTNDALEN/SANDO/LIAGARDANE
Reinsbotnan
8,4 km t/r (back and forth)
Stigen startar på Hellebu, til venstre for Hellerane. Følg stigen nordover og etter kvart ser du Vesle Syningen, til venstre. Herifrå får ein fin utsikt til nærområdet. Stigen dreier no mot nordvest i fint terreng med Store Syningen, til venstre. Når du har passert den kjem Buhovdnatten til syne, på høgre sida. Det stig jamt oppover heile tida, til det flatar ut og du ser Reinsbotnvatn. Postkassa med gjestebok er plassert i nordaustre enden av Vesle Reinsbotnvatn.
The trail starts at Hellebu, right by Hellerane. Follow the trail towards the north and you will soon see Vesle Syningen, to the left, and also get a nice view of the surrounding area. The trail continues in good terrain with Store Syningen, to the left. When you have passed it, Buhovdnatten comes into view, to the right. The trail goes steadily upwards until it flattens out and you will see Reinsbotnvatn/Reinsbotn lake. The mailbox and guestbook is placed in the northeast end of Vesle Reinsbotnvatn.
Annen info / Other information
På vestsida av Reinsbotnvatna,kan ein sjå mektige søre og nordre Skorvefjell. På høgre sida har du Svaraberget. Frå Reinsbotnan kan du gå vidare, på litt dårlegare stig, til Fagerdalen (ca 4 km lengre kvar veg). Ta sama vegen attende.
Turen er delvis merka med pilskilt, så det er lurt å bruke kart.
Er du nære Svaraberg kan du rope og få det svare, frå ekkoet I fjellet!. Derav namnet. Ved botnen av Svaraberg er det ei stor grotte inn i fjellet. Dette er ligge- og kvileplass for sauer.
On the west side of the lakes you will have a mighty view to southern and northern Skorvefjell. To the right side you can see Svaraberget. From Reinstbotn you can walk further, on a slightly worse trail, to Fagerdalen (about 4 km further each way). Return the same way.
The hike is partly marked with arrow signs, so it is advisable to use a map.
And old saying is that if you are close to Svaraberg (means the mountain that answers) you can yell and get an answer, from the echo!
Følg Rv 7 ca 3 km austover frå Ål sentrum. Ta av til venstre mot Bergsjø/Vats og følg Nordbygvegen (Fv 2930) i ca 2 km til skilt Votndalsvegen, til høgre. Følg denne vegen til skilt Skrindovegen, også til høgre, og følg denne til stort postkassestativ/infotavle, ca 2,7 km frå starten av Votndalsvegen. Du kjem no inn på Åsetnovegen og følger denne i nesten 5 km, til Lyavegen. Etter ca 4,5 km på Lyavegen kryssar du elva Lya og tek til venstre i første kryss. Følg Hellebuvegen i ca 1,4 km før du tek til høgre (fortsett på Hellebuvegen) og køyrer ca 370 m til skilt «Parkering 10 turfavorittar». Bomveg.
From Ål city center drive east on State Hwy 7 for about 3 km. Take a left turn at sign Bergsjø/Vats and follow Nordbygdvegen (County Rd 2930) for about 2 km to sign Votndalsvegen, at your right. Follow this road to the sign Skrindovegen, also at your right. Take a right turn and follow this road to a large information board/ mailbox rack, about 2,7 km from the start of Votndalsvegen. Continue on Åsetnovegen for almost 5 km to Lyavegen. After about 4,5 km on Lyavegen, cross the river Lya and turn left at the first crossing. Follow Hellebuvegen for about 1,4 km before turning right (still on Hellebuvegen) and continue for about 370 m to the sign “Parking 10 tur favorittar”. Toll road.
Parkering/ parking:
På parkeringslomme med skilt «Parkering 10 turfavorittar» der stigen til Reinsbotnan startar.
By the sign «Parkering 10 turfavorittar”
Km/moh/masl:
8,4 km t/r (back and forth), moh/masl.
Kart/ map:
Reineskarvet 1:50 000.