TORPO
Øknin
ca 6 km t/r (back and forth)
844-934 moh/masl
Frå vestsida av Vesleåni går du inn på ein fin skogstig langs elva. Terrenget er litt kupert, men lettgått opp til Øknin. I enden av stigen kjem du inn på ein grusveg i eit hyttefelt. Dette er ein avstikker frå Øknemyrvegen. Nord for Øknemyrvegen 218 kjem du inn på ein ny gå og sykkelstig mellom Øknemyrvegen og Øknevegen. Etter å ha kryssa brua i utløpet av Øknevatnet kjem du til ein liten odde, på høgre side av den nye stigen. Der står Postkassa. Gå sama vegen attende.
From the west side of Vesleåni you enter a nice forest trail along the river. The terrain is a little hilly, but easy to walk up to Øknin. At the end of the trail, you will enter a gravel road in a cabin area. Follow this road and north of Øknemyrvegen 218/road 218, walk on to a new hike-and-bike-trail located right between Øknemyrvegen/road and Øknevegen/road. After crossing the bridge over Øknevatnet you will continue on headland, at the right side of the new trail. Here you will find the mailbox and the guestbook. Return the same way.
Frå Ål sentrum følg Rv7 ca 10 km austover til Torpo og følg skilting mot Torpo stavkyrkje. Ved kyrkjene ta til venstre mot Oppheim. Følg fylkesveg 2928 oppover Oppheimsvegen i ca 4,5 km. I vegkryss mot Voll, ta til venstre. Ved vegbommene, ta til venstre og følg Breisetvegen. Denne går innover Oppheimsåsen. Ca 4,2 km etter bommen kryssar vegen Vesleåni. Dette er ca 500 m før Helsingset. Bomveg.
From Ål city center drive east on State Hwy 7 for about 10 km, to Torpo. Take a left turn at sign Torpo stavkyrkje/Torpo Stave church and continue to the churches. From the churches take a left turn towards Oppheim and follow County Rd 2928/Oppheimsvegen/road to sign Voll and follow this for about 400 m to a crossroad. Exit left onto Breisetvegen and follow it for about 4,2 km to the river Vesleåni. Toll road.
Parkering/ parking:
På venstre side av brua som går over Vesleåni (ca 500 m før Helsingset).
The left side of the road close to the bridge.
Km/moh/masl:
Ca 6 km tur/retur (back and forth). 844 – 934 moh/ masl.
Kart/ map:
Sykkel- og turkart for Hemsedal, Gol og Ål, 1:60 000 eller Reineskarvet 1:50 000.