Flott utsikt mot mange mektige fjell, m.a. Gjegnen og Skjerdingane. Ein ser både innover og utover Nordfjorden og Ålfoten.
Frå Nordfjordeid køyrer ein til Torheim. 250 m etter Torheim Gartneri tek ein opp til venstre, med skilt til Torheim Grendahus. Parker ved grendahuset og følg gardsvegen vidare 200 m. Ta opp skogsvegen til venstre og følg den 400 m, til ei bru på høgre side. Like etter brua kjem ein opp til skyttarhuset. Frå skyttarhuset er turen godt merkt med raude merke og merkepinnar. Det er jamn stigning mot toppen.
Når ein kjem opp til Sørevatnet, 389 moh., skal ein opp sida på sørsida av vatnet. Herifrå er ikkje stien like tydeleg, og det er noko bratt mot toppen. Ein går mot høgspentlinjene, som ein følgjer opp til toppen. Det er flott utsikt frå toppen, inne i mellom monstermastene..
NB! Det er ikkje GPS-spor, så kartinnteikninga kan vere noko unøyaktig. Følg den merka stien.
Køyr til Torheim. Parker ved grendahuset.
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding