Buførevegen

Publisert av: Bergen og Hordaland Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    20,6 km
    8 timer
    En vei
  • Sesong
    Jul - okt

Truleg heilt frå slutten av 1200-talet og fram til 1941 vart det ført buskap opp Reisæterlia, over høgfjellet og ned til dei gode beita i Dravladal og ved Botsvatn øvst i Krossdalen i Jondal. Frå 2012 har det vore arbeidd med istandsetjing av Buførevegen, m. a. med steinsetjing av stien og varding.

Frå parkeringsplassen - gå gardsvegen i retning sørvest inn til Skrelet. Ein skogsveg like sør for Bleieelva fører til den steinsette stien opp Reisæterlia - forbi Drivdal, Øykjavadet, Nedste Kvilingehaug, Øvste Kvilingehaug og til Reisætereggjet i 1200 meters høgd der fyrste retningsvarden står. Opp Reisæterlia er ei vandring på flott steinarbeid med vakker utsikt over Reisæter og Sørfjorden - "stairway to heaven". Turen opp tek godt 2 timar. Buførevegen og Pilegrimsvegen er samanfallande i Reisæterlia - og innanfor grensene til Folgefonna Nasjonalpark. Frå Reisætereggjet går stien inn til vegskiljet der Pilegrimsvegen går vidare innover, medan Buførevegen tek litt nordover. Deretter går stien meir vestover att ved varden som står oppe på høgda. I godt vêr - gå etter retningsvardane! Pass på at dei er på venstre hand heile vegen vidare til høgda over Botsvatn. Det er viktig å følgja vardane!

Turen vidare innover mot høgaste punktet - varden ved Klokkarane 1422 moh - er varierande, kupert terreng. Deretter går terrenget lett nedover til Forvana. Der kryssar stien eit bekkadrag og går forbi eit bergalag. Det kan henda at turen vidare går på fenner viss det har vore snørik vinter. Stien har deretter eit svingete parti fram mot Kjelavarden, og vidare i eit lett fallande terreng mot Brattefonn. Der kan det vera litt vanskeleg å gå når fonna ligg bratt. Stien går så forbi Øvste Skarvabotnen, opp Jehovakleivane og vidare i lett terreng via Primkleivane til Jonsteinskleivane. Der er det ei bratt - men kort - oppstiging.

Sofaen bak Jonstein - ein "velourbenk" kledd med mose kor overhangande fjell syter for at det er nokolunde tørt. Frå Sofaen går turen nedover mot Tobaksdalen, der stien svingar ned til venstre ved varden. Turen går i terreng med lyng og mose ned til stølen Botsvatn, og vidare langs vatnet på søraustsida bort til bilveg, som går ned til Jondal.

Tidsbruk: 7-9 timar, dei sprekaste brukar 5 timar. 17,1 km.

Særleg opp/ned Reisæterlia og Botsvatnlia høver for dei yngste.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

På austsida - i Ullensvang: Ta av fv. 550 til Reisæter ved Nå Auto. Parkering Reisæter 320 moh - sjå informasjonstavle. På vestsida - Jondal: Folgefonnvegen frå Jondal sentrum (fv. 550 og fv. 107) Ta til venstre/skilta til Botsvatn omlag 1 km etter bomstasjon i Krossdalen. Parkering ved Botsvatn - 667 moh. - sjå informasjonstavle

Adkomst med offentlig transport

Nei
Annonse