Turen startar nede ved fylkesvegen. Ruta går via Såta.
Ein tar inn på skogsvegen som har retning nordover i starten, følg skogsvegen i ca. 500 meter oppover. Like etter ei grind, svingar stien skarpt til venstre (nord) før den ikkje lenge etter svingar sørover og oppover mot Såta.
Etter godt og vel 1 km med gonge oppover, i i...
Turen startar ved fylkesvegen på Skartland, ca 500 m. sør for krysset ned til Årvik. Her er det ein avkøyrsel mot aust, og ein liten parkeringsplass på sørsida av avkøyrsla. Ikkje parker slik at ein stengjer traktorvegar eller andre vegar, vis hensyn. For å koma hit så ta av frå E134 ved Isvik og føl vegen mot Vikebygd i vel 16 km, til ein får denne avkøyrsla på høgre side. Er det fullt på parkeringsplassen, kan ein parkere ca. 1 km lengre nord ved Bakkafossen.