Gløpsa - rundtur på Glesvær

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 7,4 km
  • 2 t, 30 min
  • Rundtur
  • 300 høydemeter totalt

Flott utsikt langs turstien som går gjennom både skog og ope kystlandskap. Vis omsyn til beitedyr og hugs at her pågår hjortejakt frå 1. september. Delar av stien går langs veg. Stien har nokre parti, det er lagt ut bruer og klopper på dei våtaste partia. Frå parkering ved Glesnes skule går ein ca 400 m tilbake same veg ein kom frå. Her går stien inn til venstre for hovudvegen, i vestleg retning. Når ein kjem til Goltavegen skal vegen kryssast og ein går litt mot venstre, der held stien fram. Rett etter dette går stien mot høgre, ein skal ikkje følge traktorvegen. Turposten er på den høgaste toppen, Gløpsa. Flott utsikt mot Golta og vest i havet. Følg deretter stien vidare mot aust. Når ein kjem inn mot to hytter og privat veg går ein ut på vegen att og tek mot høgre. Vis omsyn dersom hytteeigar er tilstades. Ved snuplassen går ein inn på traktorvegen til høgre og etterkvart over på sti. Her passerer ein kunstverket “lomviene”, av kunstnaren Kyrre Grepp frå Tyssøy. Les meir lenger nede på sida. Etterkvart kjem ein ut att til vegen, ved moloen. Gå vidare forbi Glesvær Café. Ta gjerne turen innom her. Deretter går ein vidare på Glesnesvegen og tek til høgre inn Vodlavegen. I enden av Vodlavegen går det ein turveg med grus som topplag. Her er det to benker til å sitte på. Der stien endar kjem ein ut att på vegen. Følg denne attende til der turen starta. På Glesvær er det er også eit lokalt ysteri her som heiter Midtgarden. 

Glesvær er ein av dei eldste handelsstadene på Vestlandskysten. På 1700-og 1800-talet var dette det største og viktigaste fiskeværet på Sotra. Første gongen vi veit handelsstaden Glesvær er omtala, er i 1664. Då var det bergenskjøpmannen Hendrich Wessel som eigde staden og hadde handelsprivilegium. Abraham Wessel, som overtok i 1688, fekk også kongeleg privilegium til «Kiøbmandskab med Bønderne alleene at drive». Det var truleg han som sette opp den hovudbygningen som framleis står (kjelde: Universitetet i Bergen). Les meir om historia under lenker. 

Kunstnaren bak lomviane er Kyrre Krepp frå Tyssøy. Han har utvikla idéen og utarbeidd modellen til skulpturen som består av 7 fuglar som er skoren av same plate av stål. Arne Bakke (som då var grunneigar) fekk skore ut figurane frå ståplata og montert dei der dei står i dag. Kunstverket vart laga i samband med at kommunen valde Handelstaden Glesvær som tusenårsstad. Opning og avduking skjedde på jonsokkvelden i 2005 av ordførar Albrigt Sangolt. Lomviane har sidan skapt stor interesse som landskapskunst. Turistar frå fjern og nær kjem for å sjå kunstverket. Både frå sjøsida og landsida er skuilpturen eit fasinerante skue og etterkvart eit kjend landemerke sør på Sotra (Kjelde Glesvær Handelsstad)

Sotra Øygarden Turlag har laga Kystpasset som er eit turhefte med turar frå nord til sør i Øygarden. Her finn du mange flotte turopplevingar og løyper for store og små, med ulik vanskegrad. Det er ein fantastisk moglegheit til å bli kjend med nye områder i kommunen.

Les meir om Kystpasset under Lenker.

Sporløs ferdsel. Allemannsretten gir oss mange muligheter, men innebærer også plikt til å ta vare på naturen. Når du ferdes i naturen plikter du å ikke etterlate mer enn ditt eget fotavtrykk. Sporløs ferdsel innebærer å rydde opp, ta med søppel og å opptre varsomt og hensynsfullt der du ferdes.

God tur!

Adkomst med egen bil

Frå Straume: køyr mot Klokkarvik. Følg fylkesveg 560 heilt til Sund senter. Fortsett rett fram etter Sund senter (ikkje til venstre mot Klokkarvik, Skaganeset). Køyr eit stykke på denne vegen. Sving av mot Glesvær i første rundkøyring. Ved neste rundkøyring: ta andre avkjørsel retning Glesvær. Køyr omlag 4 km vidare på denne vegen. Køyr inn på Goltavegen til høgre (skilta mot Golta). Parkeringsplass på venstre side av vegen. 

Adkomst med kollektivtransport

Buss 450 til Skogsskiftet. Her er det overgang til buss 459 til Telavåg Glesvær. 

Annonse

on the path