Flott tur ut til gravhaug på Kvitaneset. Start ved parkeringsplassen ved Gullvegen ved avkøyringa til Kvitaneset. Vegen går i lett kupert terreng ut til gravhaugen på Kvitanseset. Gravhaugen ligg på ein høgde ute på neset med flott utsikt mot Bømlafjorden. Gravhaugen stammar sannsynlegvis frå bronsealderen (1800 - 500 f.kr.).
Parkering ved Gullvegen.
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding