Turen startar rett ovanfor ferjeleiet i Buavåg og går rundt byggefeltet før den går vestover. Stien kjem inn på Gullstien ved stemmen. Turen til gullgruvene er ein lett og interessant tur som passar for dei fleste. Stien er godt skilta heile vegen. Ute på Hovdaneset ligg dei gamle gullgruvene, gruvene er i dag fylt med vatn. Ta gjerne ein tur opp på knausane mot sjøen, her er det god utsikt over Bømlafjorden og det står ein flott varde på neset som det er verdt å få med seg.
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding