Kanikahaugen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 4,4 km
  • 1 t, 30 min
  • Rundtur
  • 202 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Kanikahaugen er ein del av eit stort stinettverk rundt Fjell Festning. Ein relativt kort tur som byr på flott utsikt mot havet i vest og Liatårnet i aust. 

 Det er nokre våte parti på vegen. Ha på gode sko. Følg asfalten mot Fjell Festning. Gå inn på stien på venstre side av vegen ved Bålasteinen. Det er skilta Kanikahaugen. Etter toppen går stien vidare rett fram. Etterkvart kjem ein opp til grusvegen rundt Fjell Festning. Her kan ein gå ned mot høgre og gå asfaltvegen ned igjen til parkeringen.

Sau på beite. Vis omsyn. 

Sotra Øygarden Turlag har laga Kystpasset som er eit turhefte med turar frå nord til sør i Øygarden. Her finn du mange flotte turopplevingar og løyper for store og små, med ulik vanskegrad. Det er ein fantastisk moglegheit til å bli kjend med nye områder i kommunen.

Les meir om Kystpasset under Lenker.

Sporløs ferdsel. Allemannsretten gir oss mange muligheter, men innebærer også plikt til å ta vare på naturen. Når du ferdes i naturen plikter du å ikke etterlate mer enn ditt eget fotavtrykk. Sporløs ferdsel innebærer å rydde opp, ta med søppel og å opptre varsomt og hensynsfullt der du ferdes.

God tur!

Adkomst med egen bil

Frå Straume Terminal: køyr vidare vestover og gjennom Kolltveittunellen. Ta til venstre etter Kolltveittunellen. Køyr vidare rett fram mot sør når du passerer Fjell Kyrkje. Etter omlag 5 minutt kjem ein til stor parkeringsplass på venstre side, skilta Fjell Festning. 

Adkomst med kollektivtransport

Sjå skyss sin ruteplanlegger. Buss 450 mot Skogssiftet. 

Annonse

on the path