Turen startar frå øverst i bygggefeltet Kambe eller eventuelt frå fotballbanen på Kambe. Følg den Trondhjemske postvegen til over tregrensa. Der postvegen flatar ut vil du finne eit lite skilt på venstre side merka med "Veten". Vidare på tydeleg, men umerka sti til Veten (632 moh). Turen er 3,5 km ein veg og omtrent 550 stigemeter. Dei første 2 km opp postvegen går jamnt og bratt oppover. Husk å late att grindane etter deg. I sommarhalvåret går det husdyr på beite langs postvegen. Frå postvegen til Veten går i kupert terreng, og det er enkelte våte partier.
På toppen er det flott utsikt over Etne-bygda og Etnefjorden. Veten er også fast turpost i "Alle 30".
Ein vaksen person vil bruke mellom 1-1 1/2 time på turen opp og noko mindre på vegen ned igjen.
Andre turpostar og nutar du kan nå med utgangspunkt i postvegen mellom Etne og Skånevik er Heggelinuten, Varleite og Stølehetta.
Parkering ved fotballbanen på Kambe. Det er også nokre får parkeringsplassar i enden av Skiljebakken.