Kyrkjesteinen frå Mortveit

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 6,4 km
  • 2 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 578 høydemeter totalt
  • Sesong: Mar - nov

Kyrkjesteinen (425 moh) er ein stor stein som ligg på eit platå/flate over Aksland og Gjelmarvik på Skånevikstranda. Her er det flott utsikt over Sunnhordalandsbassenget. Kortaste ruta opp er frå Mortveit. Her går ein først på traktorveg forbi Mortveitvatnet. Du skal ha vatnet på venstre side. Etter 1 km delar traktorvegen seg , ta då til venstre og følg vegen opp ein bakke til du finn skiltet merka "Kyrkjesteinen" på høgre side. Her går du over ein bekk og følgjer tydeleg sti oppover. Der stien delar seg skal du halde til venstre. Stien er mykje brukt og tydeleg heile vegen opp til Kyrkjesteinen.

Turen er 3 km ein veg og har omlag 380 stigemeter. Første kilometeren går på lett kupert traktorveg. Deretter er det jamt, og til tider relativt bratt, oppover på sti. Turen opp tar 1 til 1 1/2 time for ein vaksen alt etter form. Noko kortare tid på returen. 

Adkomst med egen bil

Parkering ved Strondavegen på Mortveit. Du er på rett plass når du ser den kvite sykkelen som fungerer som blomsterstativ på oppsida av vegen. Her er det plass til nokre få bilar ved vegen. Gå opp vegskifte, forbi nokre bolighus og ta inn på traktorvegen til høgre. Husk å late att grindane. Det er sau på beite i sommarhalvåret.

Annonse

on the path