Heggelinuten frå Kambe

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 6,6 km
  • 2 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 649 høydemeter totalt
  • Sesong: Mar - nov

Turen startar frå øverst i boligfeltet Kambe eller eventuelt frå fotballbanen på Kambe. Følg den Trondhjemske postvegen. Når postvegen flatar ut og du nærmar deg det høgaste punktet på postvegen, Varleite, ser du både gapahuken og varden på Varleite framfor deg og varden på Heggelinuten til venstre. Her tar du av frå postvegen og går i retning varden på Heggelinuten. Det er antydningar til sti i terrenget, men kanskje ikkje så lett å sjå. Uansett lett å finne fram då ein ser varden heile tida. Alternativt kan ein gå til Varleite og deretter ta sti til venstre mot Heggelinuten.

Turen er litt over 3 km ein veg og omtrent 650 stigemeter. Dei første 2 km opp postvegen går jamnt og bratt oppover. Husk å late att grindane etter deg. I sommarhalvåret går det husdyr på beite langs postvegen. Deretter går postevegen i meir ope terreng og ikkje så bratt. Etter at ein tar av frå postvegen går ein dei siste 300 metrane på berg og i lyng,

På toppen er det flott utsikt mot Etne-bygda, mot Stord og Kvinnherad. Heggelinuten er også fast turpost i "Alle 30".

Ein vaksen person vil bruke mellom 1-1 1/2 time på turen opp og noko mindre på vegen ned igjen.

Adkomst med egen bil

Parkering ved fotballbanen på Kambe. Det er også nokre får parkeringsplassar i enden av Skiljebakken.

Annonse

on the path