Rundtur til Hest 552 moh

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 6,5 km
  • 1 t, 30 min
  • Rundtur
  • 243 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Frå parkering på Fjellstøl, eller Opheim, føl ein merka grusveg inn mot DNT si hytte i Olalia. Etter å ha passert Røde Kors-hytta og kome opp på kammen 200 meter etterpå, skal grusvegen følgast rundt 500 meter før ein ser merkinga til høgre mot Hest. Turen opp til Hest går først forholdsvis flatt innover, før det stig oppover mot toppen. Frå toppen ser ein både Sandeidfjorden og Ølensfjorden. Frå toppen går ein vidare på merka sti nedover sørsida av fjellet. Nede ved Grasdalsmyra tar ein til høgre og følgjer stien over Haukareid tilbake til Fjellstøl.

Det er også fint å gå på ski til Hest, men da som tur/retur og ikkje som rundtur.

Adkomst med egen bil

Ta av Sandeidvegen mellom Ølen og Sandeid ved kyrkja i Sandeid. Ta inn Helgelandsvegen som både er skilta med vegnamn og trafikkskilt. Køyr rundt 3 km på Helgelandsvegen til det står eit skilt med Fjellstøl til venstre. Følg denne vegen heilt til endes til parkeringsplassen. Betaling av parkeringsavgift med kontantar i konvolutt eller på Vipps.

Adkomst med kollektivtransport

Annonse

on the path