Stien starter ved skilt med «tursti», ca. 50 m i retning Skjoldastraumen på venstre side. Stien går gjennom furu- og lauvskog heilt opp til Skrubbahaugen 280 m.o.h. Noko myrlendt enkelte plasser. Vi går gjennom Glimmergruvene kor informasjonstavla står. Etter Skrubbahaugen går ein delvis på berg og sti opp mot toppunktet Vardafjell 377 m.o.h. Fortsett vidare på stien retning mot Vats, ned i dalen og mot Giskaskaret. Her dreier ein mot høgre og følgjer merka sti oppover mot Storafjellsnibba. Når ein kjem opp på toppen, har ein eit flott utsyn over Skjoldafjorden og Haugalandet. Turkassen ligg ved varden. Same veg tilbake.
Ta av frå E134 i plankryss til Skjold og til høgre i rundkjøring i retning Nedstrand. Følg fv. 513 til du kjem til krysset for Åmsosen og Nedstrand. Her kan du parkere ved murhus i krysset. Ein kan også parkere ca. 150 m på venstre side i ei lomme i retning Nedstrand frå krysset. Turstien starter frå krysset ca. 50 m retning Nedstrand på venstre side.