Frå parkeringa følgjer du skogsvegen oppover til du ser sti til venstre skilta Nystøl og Vikestølen. Følg denne til Nystøl, deretter Vikestølen. Frå Vikestølen føl du raudmerka sti opp ei kneik bak Vikestølen til stikryss der du føl sti mot venstre. Følg tydelig sti i lia innover til den møter eit myrområde. Stien fortset litt til venstre over myrane mot Grånut. Oppgang mot toppen til vestre der eggen lar seg entre. Så opp langs ryggen til toppen.
Frå Norheimsund køyrer du bil ut til Oma og tek av opp vegen mot Åse. Litt før du er oppe til Åse tek du av på ein god traktorveg til venstre med merke for turløype. Du følgjer skogsvegen til du kjem til ein stor plass der du kan parkere. Det er ikkje tilrådd å køyre lengre enn dette.
Buss til Oma