Dagsturhytta på Voss

Legg til huskeliste
Annonse

Dagsturhytta ligg flott til på Klepp (600 m.o.h) på nordsida av Vangsvatnet.

Dagsturhytta er gratis tilgjengeleg for alle døgnet rundt, heile året. Målet med hytta er å stimulera til turglede i nærområdet. I hytta kan du eta matpakka di, varma (evt. tørka) kroppen ved peisen, og kosa deg med bøker frå hyttebiblioteket. Det er ikkje lov til å overnatte i hytta.

Dagsturhytta er di! Bruk hytta inne, ute og så ofte du vil. Og hugs at det også er alle andre si hytte, så respekter at andre kan bruke hytta mens du er der; og forlat hytta slik du vil finna den sjølv. 

Tilkomst frå Heggjavad
Køyr til Raugstad og vidare opp til Heggjavad (P-avgift). Frå parkeringsplassen går du nedover på bilvegen i om lag 400 m. Her tek du til venstre og går opp traktorvegen i om lag 2,2 km til du er framme ved Dagsturhytta.

Turen er 2,6 km ein veg og har 270 meter stigning.

Vis omsyn til beitedyra
Det er beitedyr i området. Lat att grindene etter dykk og vis omsyn til dyra.

Parkering
Det er viktig at ein parkerer på parkeringsplassen på Heggjavad. Det er ikkje lov til å parkere på møteplassar. Hugs også å betala parkeringsavgifta.

Bandtvang
Ta gjerne med hunden på tur til Dagsturhytta, men me minner om forskrifta for bandtvang som gjeld for Voss herad.

Adkomst med egen bil