Stølehetta (774 moh) ligg omlag 1 km frå postvegen Skånevik-Etne, og stien er godt merka. Frå Kambe i Etne er det 3,7 kilometer opp, med til saman 670 høgdemeter å forsera. Frå nuten ser ein Etne-bygda, deler av Skånevik og Kvinnherad med Ulvenosi. Ein vaksen person vil bruke 1,5 - 2 timar på turen opp og noko mindre på vegen ned igjen.
Turen startar frå øverst i bygggefeltet Kambe eller eventuelt frå fotballbanen på Kambe. Følg den Trondhjemske postvegen i omlag 2,5 km. Like før postvegen flatar ut, og nærmar seg sitt høgste punkt, vil du på høgre side finne skilt til Stølehetta. Vidare på sti merka med raude plaststikker.
Dei første 2 km opp postvegen går jamnt og bratt oppover. Husk å late att grindane etter deg. I sommarhalvåret går det husdyr på beite langs postvegen. Frå postvegen til Stølehetta går stien i kupert terreng, og det er enkelte våte partier.
Stølehetta er fast turpost i "Alle 30".
Andre turpostar og nutar du kan nå med utgangspunkt i postvegen mellom Etne og Skånevik er Heggelinuten, Varleite, Veten og Leknesnepo.
Parkering ved fotballbanen på Kambe. Det er også nokre får parkeringsplassar i enden av Skiljebakken.