Drivheia i Gjerstad 441 moh
Lettgått rundløype, som for det meste går på fjell, gjennom spreidd gamal furuskog og open hei med vid utsikt. Frå bilvegen tørkar opp etter vinteren i siste del av mai, kan du køyre heilt inn til P-plassane for Drivheiløypa. Om vinteren må du parkere ved Kleivvann i Gjerstad, mens bilvegen lengre innover då blir brukt til skiløype. Same vegavgift både sommar og vinter.
Drivheiløypa har to inngangar, frå P-plass Kleivvasstjenna i aust og frå P-plass Torbjørnsli i vest.
Frå P-plass Kleivvasstjenna i aust 333 moh er rundløypa på 6,5 km.
Etter 150 meter opp gjennom blåbærskog kommer vi inn på fjellbanda. Her opnar landskapet seg og løypa går på fjell stort sette heile tida.
Etter å ha passert Skåptjenn, blir det god utsikt over Vegårvassdraget. Nærast ligg Hekkentjenn i Gjerstad. Lengre borte ser vi Vegårsvann, der kommunegrensa mot Vegårshei går midt gjennom vatnet. Og ennå lengre utover Vegårshei ser vi Vegår, det 17 kvadratkilometer store vatnet som også kallast Fjorden. I horisonten til høgre ser vi Hovdefjell med den store masta, Vegårsheis høgaste topp 525 moh.
Etter 1.3 km er vi ved løypekrysset på Svåene og kjem inn på rundløypa. Dersom vi her går til venstre, kan vi gjerne ta ein stopp ute i enden av fjellryggen for å nyte utsikten. På fjella nedover ser vi fleire eldgamle vindblåste krokfuruer.
Legge merke til bautasteinen like til høgre der løypa gjer ein sving. Dette er ein grensestein som kallast Rauen. Her går grensa mot Gjerstadskogane, som er vår store statskog og som ligg samanhengande heilt til Mjeltenatten nord for Uvdalen i Nissedal. Store delar av Drivheiløypa går på denne eigedomen. Eit av dei viktigaste måla til Statskog er tilgang for alle til jakt, fiske og friluftsliv.
Løypa går lettvint nedover fjella til løypekrysset 325 moh. Her går rundløypa mot høgre og følgjer fjellband i slak stigning nordover lia. Utsikten mot den stupbratte Moskam blir stadig betre. Snart kjem vi opp langs god blåbærsti i gamal furuskog før vi kryssar ei kort myrrenne på utlagt gangbane. Oppover fjella mot toppen av Drivheia får vi god utsikt mot nordvest, med Solhomfjell med branntårnet som det dominerande fjellet.
På toppen av Drivheia 441 moh er det kasse med turbok. Vidare går rundløypa på fjellband i spreidd gamal furuskog. Fleire stader ser vi heilt ut til havet utanfor kysten av Kragerø og Bamble. Ved løypekrysset på Svåene går vi til venstre og tilbake til P-plass Kleivvasstjenna.
Dersom du går kortaste veg i løypa frå P-plass Kleivvasstjenna og tur-retur til toppen av Drivheia, blir turen på berre 5 km.
Frå P-plass Torbjørnsli i vest 290 moh er rundløypa på 4,8 km.
Dette er den enklaste tilkomsten for barn og eldre. Etter berre 40 meter kommer vi inn på fjellbanda og snart bort til ein idyllisk bekk. Etter 400 meter er vi framme ved løypekrysset 325 moh.
Dersom vi går til venstre i rundløypa, så følgjer vi fjellband i slak stigning nordover lia. Utsikten mot den stupbratte Moskam blir stadig betre. Snart kjem vi opp langs god blåbærsti i gamal furuskog før vi kryssar ei kort myrrenne på utlagt gangbane. Oppover fjella mot toppen av Drivheia får vi god utsikt mot nordvest, med Solhomfjell med branntårnet som det dominerande fjellet.
På toppen av Drivheia 441 moh er det kasse med turbok. Vidare går rundløypa på fjellband i spreidd gamal furuskog. Fleire stader ser vi heilt ut til havet utanfor kysten av Kragerø og Bamble.
Ved løypekrysset på Svåene går vi rett fram og kan gjerne ta ein stopp ute i enden av fjellryggen for å nyte utsikten over Vegårvassdraget. Nærast ligg Hekkentjenn i Gjerstad. Lengre borte ser vi Vegårsvann, der kommunegrensa mot Vegårshei går midt gjennom vatnet. Og ennå lengre utover Vegårshei ser vi Vegår, det 17 kvadratkilometer store vatnet som også kallast Fjorden. I horisonten til høgre ser vi Hovdefjell med den store masta, Vegårsheis høgaste topp 525 moh.
Langs fjella nedover ser vi fleire eldgamle vindblåste krokfuruer. Legge merke til bautasteinen like til høgre der løypa gjer ein sving. Dette er ein grensestein som kallast Rauen. Her går grensa mot Gjerstadskogane, som er vår store statskog og som ligg samanhengande heilt til Mjeltenatten nord for Uvdalen i Nissedal. Store delar av Drivheiløypa går på denne eigedomen. Eit av dei viktigaste måla til Statskog er tilgang for alle til jakt, fiske og friluftsliv.
Nede tilbake ved løypekrysset 325 moh går vi til venstre og tilbake til P-plass Torbjørnsli.
Urørt natur og ope fjellandskap
Drivheia er den mest kystnære delen av det opne fjellandskapet som vi elles finn på Risfjell, Solhomfjell, Havrefjell og oppover i Nissedal.
Denne delen av Gjerstad og vidare over i Statskogen er i dag eit av landsdelens viktigaste friluftslivsområdar, der naturen har forrang og det er få nye inngrep.
Hjelp oss å ta vare på den urørte Drivheia. Fyr aldri rett på fjell. Ikkje lag nye bålplassar. Spar all vegetasjon, også gamle tørre furutrær. Det er bålforbod frå 15. april til 15. september.
Vardane
Vardane er satt opp for å vise veg der det ikkje er tre å merke på, og konstruert etter merkeinstruksen slik at dei skal stå støtt i lang tid. Dei har den grøne lav-kledde sida opp for å gli betre inn i naturen. Vårt mål er å kunne redusere blåmerkinga litt over tid når stiane blir stadig tydelegare.
Vær derfor snill å ikkje legg nye stein på vardane. Bygg heller aldri nye vardar.
Ved spørsmål kan du kontakte Havrefjell Turlag som er ansvarleg for løypa.
Drivheia om vinteren
Om vinteren er Drivheia sjølve juvelen i det store skiløypenettet til Gjerstad IL ut frå parkering ved Kleivvann og på Vestølheia. Skiløypa på Drivheia er barnevennleg og variert, med vakker natur, god utsikt og 3 km med slake nedoverbakkar. Rundløypa på ski går langs snøsikre myrdrag og er lagt forskjellig frå sommarløypa.
Kjør FV418, Sving av til Vestøl. Følg så veien innover/oppover til det slaker ut. Her går det merket vei ned til høyre mot Kleivvann. Følg på inn til parkering og videre igjennom bom. I første kryss kan du ta til høyre til Kleivvasstjenna, eller ventre mot Torbjørnsli. Begge steder kan man parkere.