Kastedalskotet-Geitaråsen 3 km og 230 høgdemeter Ein kort topptur på historisk grunn. Kastedalskotet er Sondre Norheim si berømte uvyrdslåm. På toppen kan ein sitte i gapahuken og sjå utover den bratte låmi. Start for turen og parkering er i krysset kommunal veg (Morgedalsvegen) og E134 ved Moskei. Sidan det er ein rundtur kan ein gå begge vegar men anbefala tur er gå langs Morgedalsvegen ca. 900 m til krysset Kleiv/Bjålandgrendi. Ta til venstre og gå ca. 200 m til ein kjem til ein stor plass på venstre hand. Kryss denne plassen og følg merka sti opp til Geitaråsen 650 moh. På vegen opp passerer ein bl.a. Nordjorejasen (bilde) og snur ein seg er det flott utsikt over Morgedal. På toppen fylgjer ein stien vidare fram til gapahuken og toppen av Kastedalskotet. Her kan ein fylgje merka sti nedatt til startpunktet. Pass på at gjerde er i like god stand etter du har passera det.