Det er fleire fine stiar for å nå toppen.
Frå Eidet/Vilnes:
Ta ferje frå Askvoll til Gjervik. og ta til høgre mot Herland, om lag 7 km. Stien er merka frå riksvegen. Parkering langs vegskulder 100 meter før stien byrjar. Dette er den vanlege stien og gjerne den enklaste vegen. Det er flott utsikt heile vegen.
Når ein kjem opp til Skredvatnet ved omlag 500 moh tar ein til høgre merka mot atløynipa. Herifrå er det kupert terreng til Toppen. Ein vil bruke omlag 2 timar ein veg. Utsikta frå toppen er unik. Ein kan sjå rett ned fleire hundre høgdemeter. Ein ser innover heile dalsfjorden i aust og ut til Alden i vest.
Stien er nyleg merka og det skal vere lett å finne fram.
Ein kan òg gå frå Høyvik på nordsida av Atløy. Ta til høgre ved ferjekaia i Gjervik, kjør 7 km, parker ved det gamleskulehuset i bygda. Følg bilvegen vidare gjennom bygda i 500m og ta av til venstre ved rød låve. Her er skilt mot Skredvarden, følg skiltinga derifrå til Skredvarden. På toppen av skredvarden er det skilta mot Atløynipa og godt merka.
Det er og ein sti som er merka frå gardstun rett opp frå ferjekaia i Gjervik. Etter å ha kryssa enga oppom husa, går stien på sørsida av skogen, og gjennom skogen. Jamn stigning til toppen av Skredvarden. Derifrå kan ein gå på merka sti vidare til Atløynipa. Stien er nyleg merka og det skal vere lett å finne fram. Fyrste del av denne stien kan vere bratt og tung å gå. og vi anbefalar ein av dei andre stiane for dei fleste turgåarar.
Det tar omlag 2 timar frå alle startpunkt.
Utsikta frå Atløynipa er unik. Ein kan sjå rett ned fleire hundre høgdemeter og ein ser innover heile dalsfjorden i aust og ut til Alden i vest.
Det går rett ned framom varden på toppen så ver obs dersom du har med mindre ungar på turen. Ikkje la born gå aleine frampå kanten.
Tur på kartet viser tur frå Eidet, Vilnes.
Ta ferje frå Askvoll til Gjervik. Startpunkt frå Eidet, Høyvik eller Gjervik.
Buss, ekspressbåt til Askvoll. Ferje til Gjervik. Det går nokre få rutebussar til Herland.
Dersom ein går frå Gjervik så treng ein ikkje kollektivtransport.