Husnova er ein flott utsiktstopp der du ser til Skei, toppane i Kjøsnesfjorden Grovabreen og fjella rundt Jølstravatnet. Emilvegen er godt merka og fint tilrettelagt opp den bratte fjellsida. Stien vart opphaveleg rydda og laga til for mange år sidan av Emil under første byggesteg på Blimlihytta. Denne hytta passerer du ved Emilvegen rett før toppen av Husnova.
Stien startar på austleg side av parkeringa ved Jølstravegen (E39). Stien er godt merka frå starten av og oppover skogen. Ruta opp ligg naturleg og fint til i terrenget i den bratte fjellsida. Frå start går du jamt oppover i nordvestleg retning. Undervegs er det nokre flatare parti. Du går i variert terreng gjennom både barskog, granskog og steinur. Der det er ur er det lett ta seg fram sidan ura er godt rydda og stabil. Du møter på nokre nokre utsiktspunkt mot Jølstravatnet undervegs.
Når du kjem ut av skogen ser du vestover mot Jølstravatnet og fjella i Helgheimsdalen. Her går du i meir nordleg retning i terreng som vert meir myrlendt. Du kjem innpå eit kort stykke med gjenngrodd skogsveg fram til du passerer Blomlihytta. Her endrar du retning mot aust, og terrenget vert noko slakare myrterreng opp mot toppen. På toppen ser du frå Skei i aust, mot toppane i Kjøsnesfjorden, Grovabreen, Orkja og heilt til Nonsnipa og Klauva i vest.
Tips
Emilvegen har jamt bratt stigning, men det er ingen luftige parti. Det er fordel med tørt terreng når du skal ta deg fram gjennom steinur og over myrane i skogen.
Om du ikkje vil gå Emilvegen ned att er det i området ved Blomlihytta og kraftlinja mogeleg å ta seg inn på skogsvegen som går opp til Husstøylen. Følgjer du skogsvegen ned til Jølstravatnet kjem du attende til parkeringa der Emilvegen startar. Når du først har gått bort til skogsvegen kan du også gå denne til endes oppover til Husstøylen før du returnerer ned att.
Turen var godt merka med raude merker i 2024 når turskildinga vart lagt ut på UT.no.
Fakta
Lengde er omlag 2,7 km kvar veg og 450 høgdemeter. Tid opp 2-2,5 timar, og 3-3,5 timar t/r.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Turstart litt aust for grenda Hus, og vest for Haugen der Panorama camping ligg. Ta av Jølstravegen (E39) ved skogsveg.
Bra parkeringsplass ved turstart rett ved Jølstravegen (E39). Parker slik at du ikkje er til hinder for trafikk opp skogsvegen.
Sjå rutetabellane for bussar som går langs Jølstravegen (E39). Gå av busshaldeplass på ved Hus.