Rundtur til Hestanipen 509 moh

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 8,3 km
  • 3 t
  • Rundtur
  • 676 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

Gå tilbake til fjøset og ta til høgre ved informasjonskilt. Fortsett på traktorveg oppover eit beite. Her går det sauer heile året, så hugs båndtvang. Følg traktorveg oppover, tidvis bratt stigning. Etter 2,4 km, ta av frå traktorveg og fortsett på sti mot Lysenuten, Hestanipen. Etter 2.7 km ta til venstre ved stiskille og følg stien langs Langemyr. Etter 3.3 km kjem du til et utsiktspunkt der du ser mot Sandeid og Ilsvåg. Her vender stien mot Vikedal igjen. Følg stien langs ryggen av fjellet og etter 3.9 km kjem du til en varde på det høgste punktet på turen. Fortsett på sti mot Hestanipen og etter 4.6 km tar du til høyre ved stikryss, og går siste delen opp til toppen, totalt 4.8km.

Returen går tilbake til siste stikrysset og fortsett nedover på sti til du kjem til skogsvegen. Følg traktorveg ca. 150 m og ta same veg tilbake til start, 3.2 km fra Hestanipen.

Avstand: Rundtur 8.0 km

Tidsbruk: 3.0 timer

Vanskegrad: Blå, middels

Terreng: Traktorveg, sti og myr

God tur😊

Adkomst med egen bil

Fra Vikedal sentrum tar du til høgre etter bru inn på Opsalsvegen. Etter ca. 500 m kjem til til eit fjøs, fortsett 50 m og parker på venstre side. Vis hensyn til grunneigarar og husdyr. Husk båndtvang.

Annonse

on the path