SOMMARSTIGAR PÅ SANGEJELL
Stignettet startar ved Strandafjorden, like aust for Kleivi, og følgjer den gamle bufarsvegen opp til Nystølen.
Stignettet dekker vidare området frå Sangefjell Skiløypelag sin garasje på Turrhaug over Sangenuten og til de gamle stølane Fetjastølen, Dokki, Fjellset, Torsfeten, Gildredalen, Tullestølen, Bergstølen, Storestølen og Veslestølen. Mange av stigane følgjer dei gamle bufarsvegane til stølane.
Området si historie er ein integrert del av Breiegrenda si historie.
Stignettet er lagt opp slik at det moglegheit for korte og lengre rundturar. Bruk kart når du planlegg turen.
Frå Ål sentrum følgjer du Rv7 ca 10 km vestover, til Kleivi Næringspark. Ta av til venstre og følg vegen igjennom næringsparken og over brua til infotavla om Sangefjell. Herifrå følgjer du Sangefjellvegen i ca 9 km til Turrhaug, der det er ein stor p-plass (ved Sangefjell Skiløypelag sin garasje). Bomveg.
Tullestølen og Bergstølhovda er alternative utgangspunkt for turar på Sangefjell.