Kort og enkel tur som kan kombinerast med andre turmål om du vil gå lenger.
Køyr, sykl eller gå til enden av bilvegen Engeset-Bjørndalen (bomveg). Følg skilting til Bergsstøylen og parker ved vegenden på Fellessetra.
Gå på den barklagde vegen til hytta, og gå opp ved sida av gjerdet til du kryssar elva. Der er nokre steinar og ei litt utydeleg rås. (sporet går her)
Alternativ rute som er litt lenger, men har tydeleg rås og er merka frå parkeringsplassen til Engesetstøylen og vidare til Haugsvarden. Då går ein til ein ser Montelhaugen (Manselhaugen) og svingar seg ned.
Stien kan til tider være noko blaut. Turen kan kombinerast med tur til Haugsvarden, eller ein rundtur ned til Fjølestadstøylen og tilbake til utgongspunktet. Der er som oftast veldig vått mellom Fjølestadstøylen og Fellessetra.
På Montelhaugen har du utsikt til fjorden, Ryssdalshornet og Nordstrandsfjella. Der er ein fin varde.
Dette er ein enkel og grei tur, men topptur er topptur.
Ein kan også gå turen frå Kleivane skisenter både sommar og vinter.
Køyr bom-veg til Engeset/Bjørndalen.
Køyr vegen mot Gloppestadstøylen,og følg skilt til Bergestøylen. Parkering der vegen endar.