Dette er ein tur som i store delar går på den T-merka ruta til Oldeskaret, som er ein eldre ferdselsveg mellom Stardalen og Olden. Undervegs på turen har du variert brelandskap rundt deg med strie elvar, bratte fjell og isbrear nedover fjellsidene. Etter å ha passert Oldeskaret passerer du steinhytta Jarbu før du tek deg opp til Blåfjellet som gir deg utsikt over Oldevatnet.
Du startar turen frå parkeringa av enden av skogsvegen. Du går i nordleg retning på god sti eit kort stykke fram til Haugastøylen. Herifrå følgjer du sti i flatt morenelandskap langs breelva som går gjennom dalføret. Ganske kort tid etter støylen går du inn i Jostedalsbreen nasjonalpark. Etter eit stykke innover møter du ei bru. Du går over denne og held fram på T-merka sti som går i flatt fjellterreng. Etterkvart byrjar du på stigninga oppover og går i meir nordaustleg retning. Når du er på rundt 1000 moh. flatar terrenget ut og du gtek deg over det som vert kalla Spelemannsmyra. Du får noko meir stigning opp til Storevatnet (1049 moh.). Her går stien i austleg retning på nordsida av vatnet, og tek deg opp til Oldeskaret. Dette er markert med ein steinvarde.
Frå Oldeskaret held du fram eit lite stykke til på den T-merka ruta. Ta av stien og gå i nordleg retning rett aust for vatnet som ligg på 1083 moh. Du passerer grova i enden av dette vatnet og tek deg opp til steinhytta Jarbu. Frå Jarbu vert stien meir vanskeleg å lese, men du finn nokre vardar og spor etter stien i nordleg retning. Det er ganske bratt i starten opp lia som tek deg opp på enden av ryggen. Stien dreiar etterkvart gradvis i søraustleg retning. Når du er komen opp på ryggen følgjer du denne vidare fram til toppen av Blåfjellet.
Tips
På varme dagar kan det vere fint å ta seg eit isbad i Storevatnet. Her kan det også vere fint å slå leir dersom ein ønsker å overnatte.
Fakta
Turen er på omlag 8,5 km kvar veg og er 17 km t/r. Omlag 750 høgdemeter. Tid: Omlag 4-5 timar opp og 7-8 timar t/r.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Ta av Jølstravegen (E39) på Klakegg og køyr mot Stardalen. Ta av til Høyset og Høyset Camping.
Mot avgift kan du køyre noko bratt skogsveg opp i Haugadalen. Det er montert automatisk skiltlesing i bommen ved Høyset Camping.
Parker på parkeringa som er ved enden av skogsvegen rett før Haugastøylen. Dette er eit godt besøkt område. Parker derfor slik at det vert plass til flest mogeleg bilar på parkeringsplassen.
Om du ikkje vil køyre opp kan du parkere på toppturparkeringa ved Høyset Camping. Parkering mot avgift (Vipps). Det er rundt 300 høgdemeter opp skogsvegen, som er på omlag 2 km lang.