Fottur frå Legestøylen i Årdal til Longevasshytta

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 11,6 km
  • 6 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 535 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

DNT si hytte Longvasshytta er eit flott turmål for vandrarar i alle aldrar. Hytta ligg midt i vakre Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Stien frå Legestøylen i Årdal i Jølster, går i dramatisk og idyllisk natur via fleire flotte fjellvatn. Hytta har mange sengeplassar og høver godt som overnattinsgtur for dei som ønsker eit døgn vekke frå sivilisasjonen og mobildekninga.

Det er DNT-merka sti som går til Longevasshytta. Turen er gradert raud (krevande) pga. partia ved Stigsvatnet du må passere der det kan vere både rasfare og bratte snøfenner over stien. Når snøfennene er vekke frå stien er dette ein blå (middels krevande tur) som høver for dei fleste turvandrarar. Les viktig informasjon om dette partiet på stien i tipsa nedanfor.

Du går på god sti, som er godt merka, i nordleg retning frå Legestøylen opp til Stigsvatnet på 780 moh. Her møter du ein båtplass og eit skilt som orienterer deg om at det er rasfare langs stien som held fram på austlegaste side langs heile Stigsvatnet. I starten av stien langs vatnet kan det ligge store harde snøfenner som må passerast. Følg stien langs vatnet heilt til endes.

I enden av Stigsvatnet kjem du fram til nokre fjellhytter. Desse passerer du når du går over brua som tek deg over elva som renn ned frå Kupevatnet (784 moh.). Følg godt merka sti i nordvestleg retning på vestsida av Kupevatnet. Hald fram i lett kupert terreng vestover til Vassvendevatnet. Stien går på nordleg side av dette. Rett etter å ha passert Vassvendevatnet må du ta deg over eit elvefar. Det ligg som oftast bru over elva. Etter elvepasseringa tek du dei siste korte høgdene opp til Longevasshytta.

Turen går innom Naustdal -Gjengedal landskapsvernområde.

Tips
Stien langs Stigsvatnet vart for nokre år sidan utbetra av sherpaer. Når du går på stien der det er steinurer rundt deg, og bratte fjellsider over deg, må du følgje med på om det kjem steinsprang. Tidleg på sesongen kan det ligge store snøfenner over delar av stien. Snøen er ofte hardpakka glatt sommarsnø. Det kan vere naudsynt med sikringsutstyr (t.d. stegjern, isøks og tau) for å passere desse. Eit fall kan resulterer at ein sklir heilt ned i Stigsvatnet. Dersom det har vore snørike vintrar kan snøen enkelte sesongar ligge til langt ut på seinhausten. Det er altså snømengda om vinteren, og snøsmeltinga om våren, som bestemmer når det er trygt nok til å gå på stien langs Stigsvatnet. Om du er usikker kan det vere lurt å ta kontakt med Indre Sunnfjord Turlag for å undersøke forholda før du legg ut på tur. Nokre år kan hardpakka skavlar ligge som snø- og istunellar mellom berga og over stien i den nordlegaste delen av stien langs vatnet.

Som oftast ligg det bru over elva du må ta deg over i enden av Vassvendevatnet like før Longevasshytta. Elva kan vere noko stri å ta seg over i vårløysinga, og etter regnfulle periodar på somrane.

Les informasjon om overnatting på Longevasshytta i lenka. Det er mogeleg å fiske i vatna ved Longevasshytta. Du kan låne både båt og fiskegarn av Longevasshytta.

Du kan lage deg ein rundtur via dei to DNT-rutene som går frå Jølster til Longevasshytta. Dei fleste vel å gå til Longevasshytta frå Ålhus via Gotdalsstøylen, og ta returen ned att til Legestøylen i Årdalen. Sjå informasjon i lenke om turen frå Ålhus.

Longevasshytta er eit fint utgangspunkt for å ta fleire andre turar. Her går det m.a. stiar gjennom dalføra til både Myklandsstøylen (Kandal), Gjengedalsstøylen og Fitjestøylen i Gloppen kommune, og til Vonavatnet i Naustdal i Sunnfjord. Om du meistrar å ta deg fram på stilause toppar er det fleire mogelegheiter for dette med Longevasshytta som base.

Fakta
Heile turen frå Legestøylen til Longevasshytta er på omlag 6 kilometer ein veg og 540 høgdemeter. Tid: 3-3,5 timar ein veg og 5-6 timar tur retur.

Frå Legestøylen til Stigsvatnet: Omlag 2,5 kilometer og omlag 400 høgdemeter. Tid: 1,5 til 2 timar ein veg.

Frå Legestøylen til Kupevatnet: Omlag 4,2 kilometer og omlag 400 høgdemeter. Tid: 2,5 til 3 timar ein veg.

Skogsvegen inn til Legestøylen er god skogsveg som går i flatt terreng innover dalføret. Om du vel å ville gå denne inn til Legestøylen må du legge til ein del ekstra tid. Skogsvegen er overslagsvis rundt 5 kilometer lang.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Ta av Jølstravegen (E39) og køyr til Årdal. Vel den austlegaste skogsvegen frå Erikstad som går innover dalen til Legestøylen. Betal bommen med Vipps. Det er laga til fin parkering like før du kjem til Legestøylen.

Annonse

on the path