Fottur til Knolten

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 6,7 km
  • 2 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 295 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - nov

Knolten, som på folkemunne vert kalla "Knoltren", er eit flott utsiktspunkt ovanfor Vassenden. På toppen er det tilrettelagt med fin sittebenk, og rastebord. Når du står på Vassenden og ser opp er Knolten som eit lite minifjell ved sidan av Vårfjellet og Middagsfjellet. Knolten er fin å besøke dei fleste årstider, og ein kan gå tørrskodd opp sjølv på dei våtaste dagane. På snørike vintrar treng du ski. Det er bok å kunne skrive namnet sitt i. Partiet i skogen er merka godt med raude brikker undervegs. Desse er motiverande for ungane å spore opp undervegs!

Turstart ved Jølstravatnet ved Gjesthalla og Vassenden skule. Følg den asfalterte Gjesdalsvegen opp til dei øvste gardane. Ta av opp på austlegaste skogsveg som går opp i dalføret. Følg denne i sørleg retning oppover. I det vegen byrjar å flate ut tek du av vegen i nordleg retning, og går inn i terrenget. Det står skilt i vegkanten, der du tek av skogsvegen, som er merka med pil opp til Knoltren . Sti vidare i skog siste korte stykket opp mot utsiktspunktet. Stien er tilrettelagt på dei våtaste partia, og er godt merka med raude brikker i skogen. På toppen er det varde med bok i, ein sitjebenk og eit rastebord.

Turen går gjennom beitelandskap.

Tips
I sommarsesongen er det mogeleg å køyre opp og parkere på tillaga parkeringsplassar langs skogsvegen. Turen til topps vert då berre gjennom det korte skogspartiet, og vert ein liten "mini-topptur" som kan passe for dei aller yngste turgåarane.

Sidan turen går på veg, og terrenget er tilrettelagt det korte stykket i skogen, er dette ein tur som høver på våte dagar og når snøen er byrja å trekke ned i dei høgste fjella.

Det er badebrygge på Vassenden med stupebrett. Det går og an å bade ved Gjesthalla samfunnshus, der det er ganske langgrunnt.

Fakta
Frå Jølstravatnet og opp: 3,4 km kvar veg og 300 høgdemeter. Hovudsakleg tur langs veg. Tid: 1-1,5 time opp og 2-2,5 t/r.

Lengde på turen om du startar i skogsvegen og går inn i terrenget: 4-500 meter kvar veg og 50 høgdemeter. Omlag 1 kilometer t/r.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Køyr av Jølstravegen (E39) over brua på Vassenden og inn på Nikolai Astrups veg. Følg denne vegen fram til fotballbane og Vassenden skule. Parkering på skulen sine parkeringsplassar nede ved fotballbana.

Adkomst med kollektivtransport

Ta rutebuss som går Jølstravegen (E39). Gå av på busshaldeplassen på Vassenden og gå bort til turstart ved Vassenden skule.

Annonse

on the path