Fottur til Myklebust i Gloppen frå Veiteberg i Jølster

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 10,4 km
  • 4 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 292 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Turen frå Veiteberg til Myklebust er ein eldre ferdselsveg mellom Stardalen i Jølster til Myklebust i Gloppen. Stien snor seg gjennom dalføret med bratte fjellsider, og passerer både støylar og fiskevatn.

Turstart på parkering på Veiteberg i Stardalen. Følg skogsvegen til endes i nordleg retning. Hald fram mot nord til Bakkestøylen, og passer Reinevatnet på austleg side.

Frå Bakkestøylen held du fram på myrlendt sti i nordleg retning innover dalføret, og passer Skitnevatnet på vestleg side. Her kjem du fram til ei lita hytte som står ved kommunegrensa mellom Sunnfjord og Gloppen. Gå vidare i nordleg retning der du passerer Myklebuststøylen før du kjem ned på skogsveg som tek deg nedover Myklebustdalen.

Tips:
Turen har ulike start- og sluttpunkt. Du må ordne deg med skyss, eller gå turen t/r.

Turen til Bakkestøylen er ein enkel tur og høver seg spesielt godt for alle turvandrarar.

Det er fjellaure i Reinevatnet. Ta med deg fiskestonga på tur! Her er det også fint å campe.

Fakta:
Parkering på Veiteberg – Bakkestøylen: 6 km og 320 høgdemeter opp

Veiteberg – Myklebustdalen : 10 kilometer og 330 høgdemeter opp og 320 høgdemeter ned

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Denne turen går tett på nasjonalparkgrensa.
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindene etter deg

Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.

Adkomst med egen bil

Ta av Jølstravegen (E39) på Klakegg og køyr mot Stardalen. Passer gardane på Veiteberg. Eit kort stykke etter desse er det laga til parkeringsplassar ved starten av skogsvegen.

Parker slik at du ikkje er til hinder for gardsdrift og trafikk.

Skogsvegen er privat og er pr. 2025 ikkje open for trafikk.

Annonse

on the path