Velkommen til ein flott topptur som går frå garden Yksendal til Nesheimsnipa (1035 moh) via Yksendalsstølen.
Vegbeskrivelse:
Turen går langs ein gammal stølssti som er nyrestaurert med m.a. trapper som er bygd av Sherpaer frå Nepal. Stien ligg som eit fint smykke i det bratte terrenget. Turen til Yksendalsstølen er blåmerka, og turen vidare til Nesheimsnipa er raudmerka.
Turen startar på 460 moh og går til Yksendalsstølen på 670 moh, cirka 2,5 km ein veg. Dette er ein fin familietur på ein god time. Fyste del opp til Kvile er bratt men har god sti/trapper med «kvilebenker» undervegs. Vidare flatar det ut inn mot stølen. På strekninga opp til stølen er det sett opp gode informasjonsskilt som fortel om historia til garden Yksendal.
På stølen er det ope toalett for alle og eit fint område å ta ein pust i bakken. Det er fine fiskevatn og fiskekort kan kjøpast på QR-kode på informasjonsskilta. Alle dei tre vatna du går forbi på veg til stølen er regulerte. Yksendalen hadde nemleg sitt eige kraftverk som vart bygd i 1942 og var i drift til 1977. Garden var i den tida sjølvforsynt med straum.
Turen vidare mot Nesheimsnipa går på sti/trapper, cirka 3 km ein veg. Skilting/varding på denne strekninga vert ferdig stilt sommaren 2025. På toppen av Nesheimsnipa (1035 moh) ventar det flott utsikt utover fjella i Eksingedalen. Heile tur ruta ligg i eit beite prioritert område for sau, så alle som ferdas med hund må ha denne i band.
Frå Yksendalen til Nesheimsnipa er det ca. 5,5 km ein veg og ca. 600 høgdemeter. Turen er i utgangspunktet ein barmarkstur men kan også nyttast på vinteren, men er då svært krevjande på grunn av bratte parti.
Alternativ turar:
Ein kan også gå ned frå Yksendalstølen til Bindingsbø eller Bergo. Desse stiane er berre delvis merka.
God tur!
Yksendalen ligg i Eksingedalen i Vaksdal kommune. Det er omlag 2 timar å køyre frå Bergen og omlag 1 time å køyre frå Voss. Ein svingar av frå fylkesveg 5410 som går igjennom Eksingedalen, til Yksendalen. Ved starten av stien er det godt skilta og godt tilrettelagt med parkering mot ei lita avgift.