Rundtur i Sigurdbeite via Mjølsteinane i Sandeid

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 3,2 km
  • 1 t, 30 min
  • Rundtur
  • 216 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Turen startar i jamn stigning på merka traktorveg. Når du passerer grinda, opnar landskapet seg opp, og du kjem inn i eit ope beiteområde. I sommarhalvåret beiter det ofte dyr her, og det heng skilt på grinda som viser kva slags dyr som er i området – hugs å vise omsyn. Vidare følgjer du ein grasdekt traktorveg gjennom innmarksbeite. Etter kvart kjem du til ei stor lysning der vegen deler seg. Her startar den merka rundturen gjennom beitet og vidare inn i vakker bjørkeskog. Langs stien finn du både utkikkspunkt og kvilebenkar – perfekt for ein liten pause. Du kan gå rundturen i begge retningar, men om du tek til venstre i delinga, vil du snart sjå eit skilt som peikar mot Mjølsteinane, som er ein avstikkar frå rundturen. Frå gjerdeklyvaren er det ca 400 meter å gå til Mjølsteinane, som er nokre kjempesteinar på ein flate litt høgare oppe i skogen. Dei vert kalla mjølsteinane, då det er tydelige teikn på forvitring. Den eine steinen er delvis hol og spennande å utforske - både for store og små.

Hund må haldast i band då det kan gå sauer og storfe i beite.

Adkomst med egen bil

Ta av frå riksvegen i Sandeid, opp Haukakvamsvegen. Rett forbi og ovanfor byggefeltet, ser du skilt med parkering der du kan parkere på lomme langs vegen rett før svingen. Frå parkeringa ser du turstiskilt og turinfo ved traktorveg i skogkanten.

Annonse

on the path