Fottur til Sunndalssetra via Hola

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 6,0 km
  • 3 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 162 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

Turskildring


På denne turen kan sjå og oppleve den gamle, rasutsette garden Sundal, du går forbi Pineguristeinen som har namn etter ei gammal segn, du får sjå den mektige Tverrelva som går i kvite fossestryk nedetter den bratte fjellsida, og du får høyre elvesusen nær sagt heile vegen. Målet er Sunndalssetra, ei fin seter mellom høge fjell og med mange godt vedlikehaldne setrehus (sel).

Det er ikkje mobildekning på turen, og det kan vere lurt å laste ned denne PDF-fila før du går.

Du køyrer bomvegen som tek av frå Rv. 15 på Folven, og parkerer på oppmerka plass inne i Sunndalen.
Når du starter å gå innover frå parkeringsplassen, er det nokre hundre meter med flat veg før du kjem inn til Sunndalsbakken. Når du rundar rundt svingen og ser oppover vegen/bakken, prøv å få eit glimt av dei gamle steinmurane frå dei to bruka oppunder hammeren oppe til venstre. Det er tett skog her, men ein kan sjå gjennom skogen – i alle fall før lauvet kjem på trea.
Eit anna alternativ for å sjå dette kulturminnet er å svinge til venstre oppe på Sunndalsbakken, gå tilbake igjen på oppsida av løa der du vil finne ein veg utover mot desse ruinane. Gardane vart fråflytta i 1902, og sidan den tid har det ikkje vore fastbuande på Sundal gard. Men på 1960 talet og litt ut på 1970-talet var der sommarmjølking av geiter på garden. Noverande eigar av garden heiter Ivar Jarle Åsvoll.

Den 1. mai 2026 vart foreininga Gamle Sundal gard stifta her oppe, med kring 150 frammøtte. Foreininga sitt formål er å rydde rundt dei gamle murane, setje opp informasjonsplakatar og restaurere ei gammal stove som skal vere som eit museum. Dei vil fortelje den dramatiske historia til denne rasutsette garden - og folket som aldri gav opp kampen mot naturkreftene.

Litt forbi det raude huset kjem du til vegenden, der det er grinder på begge sider av brua over Sunndøla. Like etter brua, må du gå til venstre i eit stidele. Her er også skilta mot dei to stiane du kan velje å gå. Stien for denne beskrivinga vil gå langs elva framover til Sunndalssetra. På lokalt folkemunne heiter det – «å gå Hola». Først gjennom Småøyaner før ein starter på stigninga. Litt oppe i første stigninga, passerer ein grensa for Jostedalsbreen Nasjonalpark. I dette området var det ein gong i tida planta grantre. For nokre år sidan vart desse grantrea fjerna, sidan det er uønska med grantre i nasjonalparken.

Her er mange fine fossefall langs vegen innover dalen

Etter å ha passert brua over elva ved utelada, kjem ein etterkvart innover mot Pineguristeinen. Ei gammal segn fortel at ei jente svalt i hel akkurat her. Det var uår og svolt i Skjåk, og jenta kom vestover for å skaffe mat. Frå Pineguristeinen er det kort avstand vidare til Hestholbakkjen. Ved Hestholbakkjen vert det ei lang oppstigning. Oppe på toppen er der eit stort og gamalt furetre på oppsida av vegen.

Snart kjem ein til Tverrelva som danser nedover fjellsida frå Tverrelvskaret. Ved stor vassføring har det tidlegare vore litt problem med å kome seg forbi inntil fjellveggen. Men grunneigarane gjorde i 2024 eit fint og godt arbeid med oppmuring inntil berghammaren der stien går.

Etter å ha passert Tverrelva og bakken opp der, er det flatt terreng heilt inn til Sunndalssetra.

Gjennom skjøtselsplan for nasjonalparken (utarbeida i 2022) er det i regi av Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre utarbeidd tiltak for å ivareta både stiane og seterlandskapet i Sunndalen/Sunndalssetra. Dette i samarbeid med grunneigarane.
I dette ligg det også at grunneigarar som utfører prioriterte oppgåver/arbeid, vert løna for dette arbeidet etter faste timesatsar.

Sjå alle turalternativa i Oppstryn på Oppstryn.no/fotturar.

Adkomst med egen bil

Du tek av frå riksveg 15 på Folven og køyrer 4,5 km på bomveg til parkeringsplassen - like før Gamle Sundal gard.

Annonse

on the path