Bratt tur på gulmerka sti frå Norheim i Stordalen til Juraskarkjerringa (707 moh). Juraskarkjerringa er turpost i "Alle 30 i Etne". Turen startar ved E134 på Norheim. Det er over 2,5 km ein veg og har 600 stigemeter. Juraskarkjerringa er ein markert steinformasjon i skaret (toppunktet) mellom Stordalen og Skånevik og med godt utsyn til begge bygdene.
I staden for å gå tilbake til startpunktet kan du gå vidare til Skånevik via Rodalen (Åsheim Rodalen Juraskard) Du kan også gå austover til Håfjellet og Håland eller vestover til Stølehetta for deretter å gå postvegen til Etne eller Skånevik. Dette er lengre og meir krevande dagsturar og krever derfor litt planlegging og logistikk.
Parkering til 2-3 bilar på ein liten lomme ved E134 rett ved startpunktet. Ver oppmerksom då det er noko uoversikteleg på plassen.
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding